Annonse
5. oktober 2017
Kva er egentlig forskjellen mellom dei ulike sukrin-variantane? Her har du min guide!
Hei alle sammen!
Både på spørsmålsrunden minog generelt har det dukka opp mange spørsmål angåande dei ulike sukrinvariantane. Kva er egentlig forskjellen? Kvifor anbefaler eg ikkje vanlig sukrin? Er det naturleg? Er det kunstig?
I dag deler eg defor en fullstendig guide eg håper er litt oppklarande for alle de som lurer. Eg har og tatt med Fibersirup og Vaniljepulver for å dekke alle dei alternative søtingane/helsekostprodukta eg bruker i mine oppskrifter, både her på bloggen og i mi kommande bok som du kan lese meir om og forhåndsbestille HER.
Ingrediensane får du på helsekostbutikker og nokon dagligvarebutikker (spesielt dei med godt utvalg).
Først og fremst: sukrin(variantane) fungerer som erstatning for sukker i søte oppskrifter. Dei passer like godt til dei med diabetes, dei som ikkje tåler sukker, dei som vil kutte ned på sukker eller berre ønsker å lage sukkerfri og sunnare alterntiv til det søte 🙂
SUKRIN
Sukrin er ei kalorifri sukkererstatning basert på sukkeralkoholen erytritol. Det er 100 prosent naturleg og finst blant anna i sopp og pærer. Sukrin blir framstilt ved at druesukker først blir fermentert, deretter reinsa, varma opp og filtrert slik at det ikkje er spor av gjær igjen. Sukrin inneheld ingen kaloriar, påverkar ikkje blodsukkeret, blir ikkje brukt som energi av kroppen og skillast ubrukt ut med urinen (dette gjelder også dei andre sukrinvariantane).
Ved bruk av sukrin er det mange som opplever en kjølande/metallisk smak. Dette er en av grunnane til at eg aldri bruker vanlig sukrin. Eg klarer ikkje denne ettersmaken i munnen! I tillegg merker eg at sukrin tynger baksten, som gjærbakst og kaker. Resultatet blir altså ikkje like luftig og godt. En siste grunn til at eg ikkje bruker sukrin, er at eg merker at vanlig sukrin er spesielt god på å suge saftighet ut av oppskrifter. Resultatet blir altså fort tørt.
Eg håper det gir god nok forklaring på kvifor eg ikkje anbefaler sukrin for optimalt resultat. Vil du absolutt bruke det, skal eg ikkje nekte deg, men resultatet blir ikkje det samme. Du må og vere obs på at du må bruke meir, på grunn av søtningsgraden i forhold til dei andre.
Søtingsgrad: ca. 70 % av sukker.
Bruksområde: Strøsukker og der ein elles ville brukt sukker.
SUKRIN PLUSS – kjøp her.
Sukrin+ er sukrin som er smelta saman med stevia. Sukrin fjernar den bitre bismaken frå stevia, og stevia fjernar den kjølande ettersmaken frå sukrin. Dette er ein unik kombinasjon og definitivt min favoritt blant dei ulike alternative søtingsmidla. Sukrin+ er 100 prosent naturleg, inneheld ingen kaloriar, påverkar ikkje blodsukkeret og har litt finare konsistens enn strøsukker.
Søtingsgrad: dobbelt så søtt som sukker.
Bruksområde: Sukrin+ er det søtingsmiddelet eg synast fungerer best som strøsukker. Kan elles brukast til dessertar, kaker og bakst. Det beste er ein kombinasjon av Sukrin+ og Sukrin Gold.
SUKRIN GOLD
Sukrin Gold er eit gyllent sukrin som er samansett av fleire naturlege søtstoff som gir ein søt, rund og fyldig smak. Inneheld 8 kaloriar pr. 100 gram, og har ein glykemisk indeks på 1. Sukrin Gold er ein erstattar for brunt sukker, men kan òg brukast i staden for kvitt sukker.
Søtingsgrad: samme som sukker/brunt sukker.
Bruksområde: Kan brukast der ein vanlegvis ville brukt kvitt eller brunt sukker. Deriblant varme drikker, dessertar og bakst. Ideell som strøsukker. Brukast det over for eksempel varm havregraut, vil det smelte og karamellisere seg på toppen. Som nevnt, det beste er å kombinere Sukrin Gold med Sukrin+ i dessertar og bakst.
SUKRINMELIS
Sukrinmelis består av finmalt sukrin tilsett ei lita mengde stevia. Det gir samme effekt som Sukrin+. Sukrinmelis er 100 prosent naturleg, inneheld ingen kaloriar, påverkar ikkje blodsukkeret og har konsistens som melis.
Søtingsgrad: samme som sukker/melis.
Bruksområde: Løyser seg lett opp og er derfor ideelt å bruke i mat og drikker som ikkje skal varmast, deriblant yoghurt, smoothie, kremar, glasurar, konfekt og liknande.
FIBERSIRUP CLEAR
Fibersirup er ein søt sirup av nyttige prebiotiske plantefibrar som smaker søtt og fungerer som mat for dei gode bakteriane i fordøyelsessystemet. Inneheld 5 % sukkerartar og 70 % fiber. Fibersirup Clear er ein allsidig ingrediens i baking og matlaging og bidrar både med fast konsistens, søtsmak og fiber.
Søtingsgrad: ca. 60 % av sukker.
Bruksområde: Fibersirup Clear er eit vidundermiddel for heimelaga barer, kjeks og cookies. Det gir ein småseig konsistens, sprø yte og mjuk kjerne. Kan også brukast som søting i andre oppskrifter.
FIBERSIRUP GOLD
Fibersirup Gold er tilsett ei lita mengd stevia og maltekstrakt, og kan brukast som erstatning for sirup og honning. Har ein gyllen farge og fyldig søtsmak.
Søtingsgrad: like søtt som sukker/sirup.
Bruksområde: Fibersirup Gold kan brukast som søting i ulike oppskrifter. Smaker også nydeleg over pannekaker, yoghurt, dessertar, graut og liknande.
VANILJEPULVER
Vaniljepulveret eg bruker i oppskriftene er 100 prosent reint vaniljepulver laga av ekte bourbonvanilje. Det er svært drygt i bruk. Frø frå vaniljestenger kan erstatte vaniljepulver i oppskriftene, men vaniljepulver er mykje rimelegare.
Bruksområde: Vaniljepulver passar i kaker, dessertar, smoothies, vaflar og elles dei fleste søte oppskrifter.
Så, kva anbefaler eg?
Skal du sukkerfri alternativ til det søte så kjem du langt om du handler inn sukrin+, sukrin gold og sukrinmelis. Har du desse tre i skapet kan du lage dei fleste oppskriftene mine vertfall, sidan det er desse tre eg bruker mest 🙂 For komplett sukkerfritt bakeskap er Fibersirup Clear, Fibersirup Gold og vaniljepulver heilt topp.
Når det er sagt, så lager eg og søte oppskrifter uten sukrinvariantane/helsekostprodukt. Alle oppskriftene er samla under « oppskrifter uten helsekostprodukt«. Då blir det brukt naturlig sødme i form av fersk/tørka frukt eller flytande honning 🙂
Håper guiden har gitt deg litt nyttig informasjon! Har du spørsmål må du berre legge igjen en kommentar, så skal eg svare så godt eg kan.
Kjelde: www.funksjonellat.no
Annonse
40 Kommentarer
Sissel
10. desember 2018
Linda Stuhaug
10. desember 2018
Sissel
17. juli 2020
Linda Stuhaug
19. juli 2020
Anne Helene Hølen
29. oktober 2018
Linda Stuhaug
31. oktober 2018
Gunn
30. september 2019
Linda Stuhaug
30. september 2019
Tove
7. september 2019
Linda Stuhaug
8. september 2019
Astrid Berg Ødegaard
29. september 2021
Linda Stuhaug
1. oktober 2021
Gerd-Aina Pedersen
3. desember 2019
Linda Stuhaug
4. desember 2019
Linda Stuhaug
4. desember 2019
Valo
11. mars 2018
Linda Stuhaug
12. mars 2018
Guro
23. mai 2020
Linda Stuhaug
23. mai 2020
Bente Skretting
5. mai 2020
Linda Stuhaug
5. mai 2020
Charlotte
15. april 2020
Linda Stuhaug
16. april 2020
Anna Nilsdotter
14. april 2020
Linda Stuhaug
15. april 2020
Julie
29. februar 2020
Linda Stuhaug
29. februar 2020
Julie
6. mars 2020
Linda Stuhaug
8. mars 2020
Lise -Marit Lund
30. juli 2018
Linda Stuhaug
30. juli 2018
Ragnhild Rundberg
14. desember 2020
Linda Stuhaug
14. desember 2020
Anne Troberg
12. september 2023
Linda Stuhaug
12. september 2023
Elisabeth
20. januar 2024
Rolf
22. juli 2024
Linda Stuhaug
23. juli 2024
Marielle
19. desember 2023
Linda Stuhaug
21. desember 2023
SKRIV EN KOMMENTAR