Annonse
11. desember 2017
Sukkerfri sandnøtter
God mandag!
Vi starter veka igjen med sukkerfri julebakst, og idag er det sandnøtter sin tur. Sukkerfri sandnøtter har vore eit par veldig sterke lesarønsker, så no håper eg de som har ønska seg desse, får dei med seg 🙂 Sandnøtter er uansett veldig enkle å lage og krever ikkje for mange ingredienser. Oppskrifta er inspirert av Matsans sine sandnøtter, gjort om til sukkerfri variant, som også enkelt kan lagast glutenfri og/eller melkefri for dei som trenger det:
Sukkerfri sandnøtter, ca. 30 stk
125 g smør*
50 g sukrin gold
30 g sukrin+
1/2 egg
1/2 ts ekte vaniljepulver*
60 g kveitemjøl eller speltmjøl*
250 g potetmjøl
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Visp smør og sukrin til en lysare og luftigare smørkrem. Tilsett egg og vaniljepulver og bland godt.
2. Bland mjøl og potetmjøl. Sikt det inn i resten av deiga og kna godt saman til en fast og fin deig.
3. Trill kuler av deiga og sett på eit steikebrett med bakepapir. Trykk lett med en gaffel på overflata av kulene.
4. Steik kulene midt i ovnen, ca. 10 minutter – til dei er tørre og lett gylne på undersida. Sandnøttene skal fortsatt vere lyse. Avkjøl litt på plata, deretter på rist.
5. Når sandnøttene er heilt avkjølte er dei klare til å etast. Oppbevar i en kakeboks i romtemperatur.
Tips og alternativ*
– Bruk melkefritt smør for melkefri sandnøtter.
– Må du ha glutenfri sandnøtter kan du brukt anna valgfritt mjøl istedenfor kveitemjøl eller speltmjøl. Eg anbefaler bokkveitemjøl eller en anna relativt nøytral meltype med nokolunde dei samme egenskapane som kveite- og spelt.
– Vaniljepulver gir en veldig god smak og anbefalast, men men sløyfast vists ein ikkje har det. Du kan og bruke frø fra 2 vaniljestenger.
Håper det frister!
Imorgon kjem det oppskrift på lussekatter, det har vore enormt etterspurt den siste veka…! 😉 Så då er det berre å titte innom om du vil ha oppskrift på gule, lekre boller til luciadagen!
Annonse
8 Kommentarer
Torunn
8. desember 2018
Linda Stuhaug
9. desember 2018
Birte Nybakk
19. desember 2023
Linda Stuhaug
21. desember 2023
Gunn Iren Holm
1. desember 2019
Linda Stuhaug
1. desember 2019
Siri Fjeld
22. november 2020
Linda Stuhaug
22. november 2020
SKRIV EN KOMMENTAR