Annonse
13. mai 2020
Saftig, enkel og sukkerfri sjokoladekake
Hurra for SJOKOLADEKAKE♥ Ei superenkel, saftig, luftig og skikkelig god sjokoladekake uten sukker. Som er enkel og tradisjonell, som er nokså lik ekte vare, som barna vil like og som er fin å fryse. Etter ønske fra mine kjære følgere og lesere sjølvsagt 🙂
Som nevnt tidligare spurte eg på instagram forrige veke om nytt kakeønske til mai – den store kakemåneden. Eg har mange oppskrifter i arkivet, men til denne anledninga hadde eg lyst å lage ei heilt ny oppskrift. Mange av oppskriftene som kom ønske om ligger i arkivet fra før ( og eg oppsummerte 10 av dei her), men det var ei kake som gjekk igjen hos fleire, nemlig sjokoladekake!
Og eg har nokre ulike oppskrifter på sjokoladekake her på bloggen, men ikkje som er som denne. Altså ei typisk tradisjonell, enkel sjokoladekake med glasur. Som er som eg skreiv innledningsvis; saftig, luftig, nokså lik ekte vare og som barna vil like. Dermed fant eg ut at dette er noko som er mangelvare på bloggen, som virkelig er på tide å dele oppskrift på. Så er dette årets mai-kake fra meg!
Kaka har eg laga både i rund form og firkanta form. Du kan bruke begge deler 🙂 Den passer best i rund form på 24 cm, eller firkanta form på 20×30 cm. Det gjer ingenting at forma du bruker er bittelitt større eller bittelitt mindre, einaste er at kaka blir høgare/lavare og steiketida evt. må justerast nokre minutter.
Sjokoladekake
• 150 g original kesam/ rømme/ creme fraiche
• 3 egg
• 1 dl valgfri melk
• 75 g smør, smelta
• 50 g sukrinsirup gold*
• 100 g sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 200 g sukker. Anbefaler ikkje vanlig sukrin)
• 200 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl*
• 50 g bakekaka0
• 2 ts bakepulver + 1 ts natron
• 1 ts ekte vaniljepulver (om du har)
• en god klype salt
Sjokoladeglasur
• 50 g smør, smelta
• 50 g sukrinsirup gold*
• 125 g kremgo naturell (1 pk)
• 70 g sukrinmelis
• 20 g bakekakao
• 1 ss kruttsterk kaffe
• en god klype salt
• eit godt dryss ekte vaniljepulver (om du har)
Slik gjer du:
1, sjokoladekake: Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Rør sammen alle ingrediensane til sjokoladekaka utenom smør og sikta speltmjøl/kveitemjøl. Visp deretter inn mjølet til en klumpfri deig. Rør inn smøret heilt til slutt (du trenger berre vispe røra lett sammen med en handvisp i heile prosessen her).
2. Hell røra i en rund form på 24 cm eller firkanta form på 20×30 cm. Bruk bakepapir og evt smør kantane godt i rund form. Steik kaka midt i ovnen i 25-35 minutt, eller til den akkurat er gjennomstekt (sjekk underveis med en strikkepinne e.l). Avkjøl.
3, sjokoladeglasur: visp lett sammen alle ingrediensane utenom kremgo – denne visper du inn til slutt. Smak til, kanskje du vil ha litt meir søtning/kakao/kaffe.
4. Bre sjokoladeglasuren over den avkjølte kakebunnen. Oppbevar i kjøleskap til servering. Nyt eit kakestykke eller to♥
Tips og alternativer*
Ønsker du en litt grovare kake? Butt ut 50-100 g av sikta speltmjøl/kveitemjøl med f.eks havremjøl.
Må du ha glutenfri kake? Bytt ut mjølet med glutenfritt mjøl. Min anbefaling er en kombinasjon av to ulike, nøytrale mjøltyper. Med nøytrale mjøltyper meiner eg mjøl som ikkje har en veldig dominerande smak eller egenskap (mørkt bokkveitemjøl smaker f.eks litt sand og lavkarbo mjøltyper som mandelmjøl og kokosmjøl gir berre smuldrette og tørr kake). Bruk den mjøltypen du pleier å lage vellykka, glutenfri kake med 🙂
Må du ha melkefri kake? Då må det litt fleire justeringer til. Det er ikkje umulig, men eg kan ikkje garantere det heilt samme resultatet smaksmessig. Det finnes melkefri alternativ til alle produkter i ingredienslista (smør – melkefri margarin, melk – plantemelk, kesam – melkefri creme fraiche eller kokoskrem, kremgo – melkefritt alt. til kremost).
Sukrinsirup gold kan byttast med ein av dei andre typane sukrinsirup, eller eventuelt fibersirup om du har det i skapet ditt.
Eg håper alle dokke som skreiv «sjokoladekake» som tips forrige veke vertfall har lyst til å prøve 🙂 Og: hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger, enten det er i kommentarfeltet, facebook-sida mi her eller instagram under @lindastuhaug.
Sjokoladekaka blei berre skikkelig god, og eg er spent på korleis den blir tatt imot hos dokke!
Annonse
65 Kommentarer
Siren
27. august 2020
Linda Stuhaug
28. august 2020
Wenche Hermundstad
10. juli 2020
Linda Stuhaug
10. juli 2020
Fay-Reni
15. juni 2020
Linda Stuhaug
16. juni 2020
Åse Steffensen
10. juni 2020
Linda Stuhaug
12. juni 2020
Stine
9. juni 2020
Linda Stuhaug
9. juni 2020
Stine
9. juni 2020
Linda Stuhaug
9. juni 2020
Chel
26. mai 2021
Linda Stuhaug
27. mai 2021
Nina
8. februar 2021
Linda Stuhaug
8. februar 2021
Line
27. januar 2021
Linda Stuhaug
28. januar 2021
Irene
8. januar 2021
Linda Stuhaug
10. januar 2021
Amalie A.
28. august 2021
Linda Stuhaug
30. august 2021
Frøydis
6. september 2023
Linda Stuhaug
7. september 2023
Ingrid
5. april 2022
Linda Stuhaug
6. april 2022
Ragnhild Nilsen
24. mai 2020
Linda Stuhaug
25. mai 2020
Bjørg Langerud
20. mai 2020
Linda Stuhaug
21. mai 2020
Frida
17. mai 2020
Linda Stuhaug
18. mai 2020
Helena
17. mai 2020
Linda Stuhaug
18. mai 2020
Joakim Sørum
16. mai 2020
Linda Stuhaug
17. mai 2020
Sofie
15. mai 2020
Linda Stuhaug
17. mai 2020
Irem
14. mai 2020
Linda Stuhaug
15. mai 2020
Silje
14. mai 2020
Linda Stuhaug
15. mai 2020
Dyveke
13. mai 2020
Linda Stuhaug
14. mai 2020
Linda
13. mai 2020
Linda Stuhaug
14. mai 2020
Celine
13. mai 2020
Linda Stuhaug
13. mai 2020
Celine
13. mai 2020
Linda Stuhaug
14. mai 2020
Anette
13. mai 2020
Amalie
13. mai 2020
Linda Stuhaug
13. mai 2020
Suz
13. mai 2020
Linda Stuhaug
13. mai 2020
Guro
13. mai 2020
Linda Stuhaug
13. mai 2020
Kjersti Bjørhusdal Juvik
13. mai 2020
Linda Stuhaug
13. mai 2020
Anne-Lene
30. desember 2020
Linda Stuhaug
4. januar 2021
Elena
6. desember 2020
Linda Stuhaug
6. desember 2020
Inger
7. desember 2022
Linda Stuhaug
11. desember 2022
SKRIV EN KOMMENTAR