Annonse
23. mai 2022
Eltefritt speltbrød i gryte
Det er ingenting som er enklare enn den eltefrie bakemetoden når du skal bake brød! Minimalt med jobb, ingen elting og kjøkkenmaskin er ikkje nødvendig🤗 Og det beste? Resultatet blir eit saftig, luftig brød med sprø skorpe heile veien rundt!
Eg har fleire ulike oppskrifter het på nettsida mi, og her er ein ny! Eltefritt speltbrød i gryte - men bytt gjerne speltmjøl med kveitemjøl, eller det grove mjølet med anna grovt mjøl/havregryn. Mange muligheter🤩
Du trenger, 1 brød:
• 5 dl sikta speltmjøl (eller kveitemjøl
• 5 dl sammalt speltmjøl (eller kveitemjøl)
• 1,5 dl valgfrie frø/kjerner (eg brukte solsikkekjerner og sesamfrø)
• 1 ts av gjær, salt og sukker
• 6dl lunka vatn
Framgangsmåte:
Ha alle ingrediensane i en bolle og rør lett sammen med en slikkepott. Dekk til og la deiga stå på kjøkkenbenken i 10-18 timer.
Strø litt mjøl på kjøkkenbenken og hell ut deiga. Kna inn sikta speltmjøl eller kveitemjøl til deiga er metta og holde formen. Ha gjerne deiga over på eit bakepapir og la den etterheve i 1,5- 2 timer.
Når det er 30 minutt igjen av hevetida: Sett ei støpejernsgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader over– og undervarme. Etter 30 minutt tar du gryta ut av ovnen. Pass på, den er glovarm!
Lemp deigen ned i gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, fortsatt på 250 grader, i 30 minutt. Skru ovnen ned til 200 grader og ta av lokket. Brødet skal no steike i 15-20 minutt til. Bruk gjerne steiketermometer til det viser 96 grader inni brødet.
Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist. Oppbevar gjerne i eit kjøkkenhandle for å bevarer den sprø skorpa.
Noke å bake denne veka eller?😍
Annonse
17 Kommentarer
Kristin
25. mai 2022
Linda Stuhaug
26. mai 2022
Pernille Haugen
23. desember 2023
Zizel
22. april 2025
Linda Stuhaug
22. april 2025
Rita Haugen Murvold
25. mai 2022
Linda Stuhaug
25. mai 2022
Aurora
2. juni 2022
Linda Stuhaug
2. juni 2022
Anne
25. mai 2022
Linda Stuhaug
26. mai 2022
Janne
25. mai 2022
Linda Stuhaug
26. mai 2022
Hege H
26. mai 2022
Linda Stuhaug
26. mai 2022
Mari
8. juli 2022
Linda Stuhaug
11. juli 2022
SKRIV EN KOMMENTAR