Annonse
17. september 2020
Er søtpotet sunnare enn potet?!
Søtpotet VS potet – er søtpotet sunnare enn potet?!
Eit spørsmål som dukker opp støtt og stadig hos meg er om søtpotet er sunnare enn potet. Veldig mange framsnakker og søtpotet som om det er ein eksepsjonell sunn matvare i motsetning til potet… Men er det tilfellet? NEI 🙂 Både søtpotet og potet er to næringsrike og sunne matvarer vi med fordel kan ete meir av! Dei har mange likheter, men samtidig nokre ulikeheter – som går opp i opp med kvarandre til sjuande og sist:
→ Kalorimessig er det minimalt med forskjell på søtpotet og potet. Søtpotet inneholder 80 kcal pr.100 g medan potet inneholder 72 kcal pr.100 g.
→ Både søtpotet og potet inneholder like mykje stivelse. Søtpotet har eit litt høgare innhold av sukkerarter, men også eit litt høgare innhold av fiber sammenligna med potet.
→ Søpotet har eit høgt innhold av vitamin A (betakaroten), mens poteta er en god kilde til vitamin C.
Ellers er det små forskjeller mellom søtpotet og potet når det kjem til næringsinnhold!
MEN – søtpotet og potet har litt ulike egenskaper og bruksområder.
For å ta søtpoteta først: dåkke som har fulgt meg ei stund veit at eg i 2013/2014 fekk skikkelig dilla på søtpotet. Eg lagde ALT med søtpotet i denne perioden! Vi snakker søtpotetpizza, søtpotetnachos, søtpotetmoussaka, søtpotetvafler, søtpotetscones, søtpotetpolarbrød, søtpotetpannekaker, søtpotetlasagne, søtpotetlomper, søtpotetpai, søtpotet ditt – søtpotet datt. Eg har sida det eksprimentert og laga mykje godt med søtpotet i fokus – fordi den har litt andre egenskaper og bruksområder enn den vanlige poteta. Eg syns og den har en fantastisk god smak i oppskrifter som nevnt ovenfor, og i mange av desse oppskriftene hadde det ikkje gått an å bruke potet istedenfor. Eg synes også at søtpotet er utrulig godt til å ovnsbake og bruke i salater, ha som middagstilbehør med andre rotgrønnsaker, som smakstilsetning i ulike oppskrifter som hummus, falafler og lignande.
Men sjølv om eg har opp gjennom åra hatt eit ekstra fokus på søtpotet og laga mykje av det, så betyr det ikkje at eg ikkje er glad i potet! For eg ete mykje meir potet iløpet av ei veke enn eg ete søtpotet, og det har eg gjort i åresvis 🙂 Eg elsker kokte poteter og har det som tilbehør til middagen fleire ganger for veka. Eg koker alltid opp ekstra så eg kan ete kalde poteter til kveldsmat eller lunsjboksen dagen etterpå (kalde, kokte potet er SÅ godt!). Potetbåter synes eg er mykje bedre enn søtpotetbåter, og det blir ofte tilbehør til helgebiffen eller burgeren.
Så for å oppsummere bruksområder og egenskaper: søtpotet og potet er litt ulike her, og personlig så bruker eg søtpotet meir i oppskrifter, medan potet oftare er tilbehør til middag. Alt i alt ete eg meir potet enn søtpotet, men synes begge deler er like godt på kvar sin måte og kvar sine områder 🙂
Ja takk begge deler – både når det kjem til næringsinnhold og bruksområder!
Annonse
4 Kommentarer
Janne Isdahl
18. september 2020

Linda Stuhaug
18. september 2020
Lone
17. september 2020

Linda Stuhaug
18. september 2020
SKRIV EN KOMMENTAR