Annonse
29. mai 2017
Frisk og god frukostskål med heimelaga kefir
God mandag!
Ny veke og nye muligheter, er det ikkje det man seier? 😉 Eg går inn i eksamensbobla denne veka ettersom eg har min siste eksamen for i år på fredag. Då er eg ferdig med 2.året på bachelor i Samfunnsernæring og har sommarferie! For en deilig følelse det blir!
Idag har eg eit friskt og godt frukost- eller lunsjtips til dere. No som det begynner å bli meir sommar frister det med lette, fargerike måltider, slik er det vertfall for meg. Til frukost, lunsj, mellommåltid eller kveldsmat lager eg meg ofte yoghurt/cottage cheese/kefir-blandinger med frukt, bær, nøtter, heimelaga musli og lignande etter kva eg har tilgjengelig:
Eg er eit periodemenneske og akkurat no har eg dilla på å røre inn ferske eller fryste bær som eg tiner, moser og rører inn i blandinga, og ikkje berre har på toppen. Det gjer yoghurt/cottage cheese/kefir-blandinga ekstra smakfull og man bestemmer sjølv kva smak man vil ha 🙂
Her er det berre å mikse med ulike typer cottage cheese, yoghurter og/eller kefir med bær etter kva man liker og har tilgjengelig og toppe med akkurat det du liker. Slike blandinger blir gode uansett, men her er ca. dei målene eg brukte i denne skåla:
Cottage cheese- og kefirskål med bringebær, ca 1 porsjon
150-200 g cottage cheese
2-3 dl kefir
100 g frosne/ferske bringebær, most
1-2 ts sukrin+
Topping:
ferske blåbær
heimelaga musli, oppskrift HER
Rør sammen, smak til og topp med det du ønsker!
Eg har begynt å lage heimelaga, ekte kefir med kefirkorn. Det smaker SÅ mykje bedre, gjer ekstra godt for kroppen og er rett og slett berre skikkelig kjekt å lage sjølv 🙂 Bruk heimelaga kefir om du har det, ellers kan du naturligvis bruke kefir fra kartong på butikken.
Så godt og så enkelt!
Er det fleire av mine lesere som lager sin egen kefir? Eller kanskje har lyst å begynne med det? 🙂 Vil gjerne høre fra dere!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR