Annonse
8. oktober 2018
Grov, næringsrik frukostkake
Om eg er hekta på å bake med banan fortida? Tja, kanskje! Eller så er det rett og slett berre det at fruktkorga har hatt litt for mange overmodne bananer i det siste, og frysaren er allerede full av frosne bananbiter – så kvifor ikkje bake med dei 🙂 Eg synes det er stas kvar einaste gang eg har brune bananer til overs og kan lage noko godt, eg. Og enda noko godt har eg laga og vil dele oppskrift på idag: grov, næringsrik frukostkake!
Dette er rett og slett ein ny vri på dei populære frukostmuffinsane eg har delt i mange ulike varianter. Ei grunnoppskrift som kan varierast i det uendelige med ulike smaker og kombinasjoner:
Alle oppskriftene finner du ved å søke på frukostmuffins – eller du kan trykke HER.
Denne grove, næringsrike frukostkaka er på akkurat samme måten. Det er ei grunnoppskrift som du kan variere med ulike typer nøtter, frukt, bær, krydder og andre smakstilsetninger. Bruk fantastien og lag din egen vri!
Grunnoppskrift på grov, næringsrik frukostkake, 12 biter
1 stor, moden banan
250 g cottage cheese
2 egg
1,5 ts bakepulver
1 ts kanel
1 ss honning eller anna valgfri søtning
110 g havregryn
110 g havremel
Valgfri topping/ekstraingredienser i deiga – eg har brukt banan og pistasjenøtter på toppen
Slik gjer du:
Mos banana, cottage cheese og egg med stavmiksar til det er klumpfritt. Rør inn resten av ingrediensane og la deiga svelle minst 10 minutt.
Tilsette eventuelt ekstraingredienser i deiga om du ønsker det. Fordel deiga i en ildfast form med bakepapir (24×18 cm eller anna ildfast form med ca. lik grunnflate). Ha over valgfri topping – sjå tips under for kva eg anbefaler 🙂
Steik på 180 grader, over-undervarme i 25-30 minutt, eller til frukostkaka er gjennomstekt. Avkjøl på rist.
Frukostkaka er 100% grov, proteinrik, naturlig sukkerfri, næringsrik og mektig. Den er supersaftig og skikkelig god, og holder seg fersk i fleire dager (eg oppbevarte i kjøleskap). Den kan også fint frysast.
Så er det berre å dele opp frukostkaka i passelige stykker og nyte med eller uten pålegg. Litt av poenget med denne oppskrifta er at du skal ha alt i ett så ekstra pålegg ikkje er nødvendig, men det er veldig godt å dele kakestykka i to med for eksempel ost og syltetøy på♥
Og… som du skjønner, så passer denne frukostkaka like godt som lunsj/matpakkemat/turmat, kveldsmat, mellommåltid eller sunn kos 🙂
Tips og alternativer til oppskrifta*
♦ Du kan bytte ut cottage cheese med 200 g kesam, eller eventuelt 200 g kokoskrem for melkefri variant.
♦ Som smaksvariasjon i deiga kan du for eksempel tilsette kakao, kardemomme, nøttesmør, nøtter/frø/kjerner eller blande inn biter av frukt/bær. Som topping synes eg det er best med frukt/bær og gjerne litt hakka nøtter.
♦ Hugs at du kan blende havregryn til havremjøl i ein blendar. Hugs også glutenfritt havregryn/havremjøl for 100% glutenfritt resultat.
Eg håper fleire har lyst til å prøve seg på denne! Eg lagde denne forrige veke og hadde til kveldsmat fleire dager. Cottage cheese og sukkerfritt syltetøy + mandelsmør og bananbiter vart mine favorittpålegg 🙂 Mmmm♥
God mandag godtfolk!
Annonse
12 Kommentarer
Irina
5. januar 2019
Linda Stuhaug
5. januar 2019
Irene
23. oktober 2018
Linda Stuhaug
23. oktober 2018
Hege
16. oktober 2018
Linda Stuhaug
17. oktober 2018
Tonje
15. mai 2021
Linda Stuhaug
15. mai 2021
Tonje Stølan
15. mai 2021
Linda Stuhaug
15. mai 2021
Elisabeth
22. oktober 2020
Linda Stuhaug
23. oktober 2020
SKRIV EN KOMMENTAR