Annonse
18. september 2023
Grove pizzahorn med ost&skinke
Hei!
Lei av matpakken og trenger litt inspirasjon?😍 Kva med å lage opp en god slant grove pizzahorn, så kan du ha det både i matpakken og i fryseren? Desse pizzahorna her er supre - deiga er veldig enkel å jobbe med, og horna blir saftige og gode! Kan virkelig anbefalast❤️
Eg har laga desse med ost & skinke, men du kan såklart bruke akkurat det fyllet du ønsker!
Du trenger, 16 stk (store)*
100 g smør
6 dl melk
1 pk tørrgjær
1 ts salt
2 ts sukker/honning
350 g havremjøl eller sammalt speltmjøl/kveitemjøl
400-450 g sikta speltmjøl/kveitemjøl
Forslag til fyll:
Pizzasaus, ketchup eller lignande
Raspa eller skiva ost
350 g skinke
Gjerne litt pizzakrydder
Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.
2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett mjølet, men hold litt tilbake på det sikta mjølet og tilsett heller litt underveis. Elt i 5-10 minutt til en glatt og smidig deig. Etterhev tip dobbel størrelse, 1-2 timer.
3. Del deiga i to og kjevle ut til to runde leiver. Bruk litt mjøl på benken og snu gjerne deiga underveis, så du er sikker på den ikkje henger fast i benken.
4. Rut opp i 8 trekanter og ha over fyllet. Topp gjerne med litt krydder. Start å rulle kvar trekant fra den breiaste delen først.
5. Legg pizzahorna på to steikebrett med bakepapir. Sett ovnen på 200 grader. La horna etterheve i ca. 30 minutt med eit kjøkkenhandkle over.
6. Pensle pizzahorna med egg (evt. melk/vatn) og dryss gjerne over litt valmuefrø/havregryn. Steik midt i ovnen i 15-20 minutt, eller til pizzahorna er gylne. Avkjøl på rist og nyt!
God veke alle sammen!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR