Annonse
14. oktober 2019
Hurra, endelig kjem bok nummer to!!
«Middag.
Det er noko som skal på bordet kvar einaste dag, på det mest kaotiske tidspunktet på ettermiddagen. Det er det måltidet som krev mest planlegging og førebuing. Det er gjerne det måltidet ein samlar familien til, og som skal tilfredsstille alle rundt bordet. Det er og det måltidet ein stiller aller mest spørsmål om. Det er heilt likt kvar einaste gong;
kva skal vi ha til middag?
Etter suksessen med mi forrige bok, Opptur med sunn mat, var eg aldri i tvil om at eg skulle lage ei ny kokebok. Eg visste berre ikkje når den skulle komme, eller kva den skulle handle om.
Ein dag slo det meg. Middagsmat! Det er middagsmat følgarane og lesarane mine treng, og vil ha!
Med denne boka skal du sleppe å stille deg middagsspørsmålet kvar einaste dag. Boka er for deg som slit med tidsklemma, for deg som syns middagsmat er ei utfordring, for deg som treng inspirasjon til sunne, enkle kvardagsmiddagar. Det er det som er fokuset mitt denne gongen. Heimelaga, sunne middagar, som alle kan lage.
Eg har prøvd å forenkle oppskriftene så mykje som mogleg, for eg har eit ønske om å gjere deg trygg på kjøkkenet med maten eg deler. Eg har også delt oppskriftene inn i kategoriar, slik at du kan finne ein middag i den kategorien som passar din kvardag best. Undervegs kjem eg med tips og triks for å lukkast med middagsmaten. Eg deler mine basisvarer, kjøkkenreiskap og korleis du kan gjere smarte innkjøp, redusere matbudsjettet og minske matsvinnet. Avslutningsvis får du 10 vekemenyar med tilhøyrande handlelister. Alt etter ønske frå dykk!
Mange har ei formeining om at det er tidkrevande, vanskeleg og avansert å lage gode middagar frå botnen av, men det treng det absolutt ikkje vere. Heimelaga, sunne middagar kan vere både raske, ukompliserte, gode og overkommelege for alle. Ein opptur med sunne middagar, rett og slett!»
Slik startar mi kommande, nye bok med tittelen OPPTUR MED SUNNE MIDDAGAR♥
Herlighet, eg har gleda meg sånn til å fortelle dette til dokke! Eg har holdt korta tett til brystet i heile 2019 og endelig kan eg røpe at eg har jobba med ny kokebok i heile år – saman med Frisk Forlag♥ Temaet er MIDDAGAR og boka er proppfull av 80 lekre middagsoppskrifter som passer for absolutt alle; småbarnsfamilier, familier, ynge, eldre, den kresne, den mindre kresne, om ein er mange, om ein er aleine…
Og kvifor valgte eg å lage ei kokebok kun med fokus på middagar? Jo, fordi det er det de trenger, og det de vil ha! Eg har høyrt på dokke, fått innblikk i kva som er dei største utfordringane i kvardagskostholdet, sett på tilbakemeldinger eg har fått, gått grundig gjennom kva oppskrifter som er mest populære… Alle svar retter seg mot middagsmat. Kvardagsmiddagar som er sunne, raske og enkle å lage. Kvardagsmiddagar som smaker godt og som gjer godt.
No lurer du kanskje på kortid boka blir lansert?
Offentlig lansering er i januar 2020, og boka er i butikk frå starten av januar.
Men – vi åpner for FORHÅNDSSALG i slutten av oktober. Det betyr at du kan bestille boka og få den i postkassa i god tid før jul! En perfekt julegave til deg sjølv eller nokon du er glad i♥
De skal sjølvsagt få oppdatering på når forhåndssalget er i gang. Og de skal sjølvsagt få litt innblikk i denne bokprosessen på samme måte som min forrige. Innlegg og oppdateringer vil komme! I mellomtida så håper eg at de gleder dokke like mykje som meg♥
Annonse
26 Kommentarer
Malene
16. oktober 2019

Linda Stuhaug
16. oktober 2019
Lena
16. oktober 2019

Linda Stuhaug
16. oktober 2019
Janne
15. oktober 2019

Linda Stuhaug
16. oktober 2019
Mona
15. oktober 2019

Linda Stuhaug
16. oktober 2019
Oddny Mokkelbost
15. oktober 2019

Linda Stuhaug
16. oktober 2019
Maritha
14. oktober 2019

Linda Stuhaug
15. oktober 2019
Kristine
14. oktober 2019

Linda Stuhaug
15. oktober 2019
Anne Therese
14. oktober 2019

Linda Stuhaug
15. oktober 2019
Ingvild
14. oktober 2019

Linda Stuhaug
15. oktober 2019
Kristin
14. oktober 2019

Linda Stuhaug
15. oktober 2019
Torill Hagen
25. november 2019

Linda Stuhaug
26. november 2019
Elin Berge
4. november 2019

Linda Stuhaug
5. november 2019
Line Hagenborg
17. oktober 2019

Linda Stuhaug
18. oktober 2019
SKRIV EN KOMMENTAR