Annonse
24. mai 2021
Overmodne bananer? Lag saftige, kjempegode bananvafler!
Er du som meg og har nokon overmodne bananer i fruktkorga? Eg hadde egentlig tenkt å slenge sammen ei røre med bananlapper, men så fant eg ut at eg kunne lage bananvafler etter gammalt! Kjempegode, saftige og søte vafler som du verken trenger sukker eller anna søtning i, for her gjer bananene jobben aleine!
Vaflane er grove, næringsrike og passer like godt til frukost som turmat, kaffekos eller kveldsmaten. Nydelige med brunost og syltetøy, men her topper du naturligvis med akkurat det du liker♥
Du trenger, 10-12 stk:• 3-4 modne bananer• 4 egg• 100 g havremjøl• 100 g valgfritt mjøl – eg brukte sikta speltmjøl• 2 ts bakepulver• 1 dl melk eller vatn• litt kanel og kardemomme⠀Framgangsmåte:Mos banan og egg klumpfritt med stavmikser. Tilsett resten av ingredkensane og rør klumpfritt. La røra svelle i 10 minutt før du steiker vafler. Server varme, lune eller kalde – gode er dei uansett!
Her ser du bananene eg brukte! Og dei var søte og gode, og ikkje minst like fine inni:
Tenk at eg før i tida (for alvorlig mange år sidan) kasta dei brune bananene… det er jo heilt sprøtt!
For det er jo SÅ mykje godt å lage med desse overmodne, søte bananene♥
Vafler skal eg vertfall lage oftare, enkelt og greit 🙂
Håpe fleire er inspirert til å lage bananvafler!
Ha en nydelig mandag 😀
Annonse
6 Kommentarer
Caroline
24. august 2021
Linda Stuhaug
24. august 2021
Anio
23. juni 2021
Linda Stuhaug
24. juni 2021
Thea
7. september 2024
Linda Stuhaug
8. september 2024
SKRIV EN KOMMENTAR