Annonse
10. september 2021
Saftig, enkelt surdeigsbrød med havre og spelt
- 400 g sikta speltmjøl
- 300 g sammalt speltmjøl
- 100 g havregryn
- 100 g havremjøl
- 100 g frø/kjerner – eg bruker sesamfrø, solsikkekjerner og linfrø
- 1,5 ts salt
- 3 ss boblande, bakeklar surdeigsstarter
- 1 liter lunka vatn
Dette her er definitivt mitt favoritt surdeigsbrød!
No har eg holdt på med surdeigsbaking i snart eit år, og dette er den oppskrifta eg lager oftast. Her trenger du verken å elte eller kna, du rører berre sammen ingrediensane, har deiga i to brødformer og steiker etter en del timer på kjøkkenbenken. Superenkel oppskrift som gir vellykka brød gang på gang 😀 Så, er du ein av dei som har surdeigsstarter i hus – prøv deg på dette brødet!
… For ja, dette er en oppskrift for deg med surdeigsstarter. Har du ikkje surdeigsstarter, men har lyst på det, så kan du enten lage sjølv eller få surdeigsstarter med nokon andre. Eg anbefaler å få med nokon andre. Det er heilt sikker ein eller anna i din krets som har surdeigsstarter i kjøleskapet – legg for eksempel ut en status på Facebook og spørre, så får du kanskje napp! Eg har dessverre ikkje oppskrift på suredeigsstarter, eg fekk med ein kompis for snart eit år sidan 🙂
No, over til oppskrifta! Du kan sjølvsagt bytte ut speltmjøl med kveitemjøl. Samme mengde med sikta og sammalt 🙂
Til 2 brød:
400 g sikta speltmjøl
300 g sammalt speltmjøl
100 g havregryn
100 g havremjøl
100 g frø/kjerner – eg bruker sesamfrø, solsikkekjerner og linfrø
1,5 ts salt
1 liter lunka vatn
Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein stor bakebolle og rør sammen med ein slikkepott. Fordel i to brødformer. Du må såklart bruke bakepapir om du ikkje har smørefrie former. La stå på kjøkkenbenken med plast over i 12-20 timer.
Sett steikeovnen på 250 grader, over-undervarme. Steik brødapå nederste rille i 10 minutter, slå ned varmen til 210 grader og steik vidare i 35-45 minutt til. Brøda skal bli godt gylne og lage en «hul» lyd når du banker lett på dei på undersida. Steik litt til uten brødformer om det trengst.
Avkjøl uten formene på rist. Brøda holder seg ferske i fleire dager (eg oppbevarer i kjøkkenhandle) og kan fint frysast 🙂
PS! Er du nybegynner med surdeig og surdeigsstarter så kan du lese blogginnlegget mitt «Slik mater du surdeigsstarteren din for å gjere den happy, boblende og bakeklar». Der får du detaljert og god informasjonen du trenger om dette 🙂 Når du har gjort det eit par ganger så går denne prosessen av seg sjølv! Surdeigsstarteren må møtast 8-12 timer før du skal sette deiga slik at den nettopp rekker å bli bakeklar 🙂
Håper du har lyst til å prøve deg på dette brødet!
Har du ein favorittoppskrift med surdeig, del den gjerne i kommentarfeltet 🙂
God helg alle sammen♥
Annonse
26 Kommentarer
AnnElin
2. februar 2022

Linda Stuhaug
3. februar 2022
Anita
26. januar 2022

Linda Stuhaug
27. januar 2022
Randi
25. januar 2022

Linda Stuhaug
26. januar 2022
Birthe
14. april 2022

Linda Stuhaug
18. april 2022
Eirin
24. april 2023

Linda Stuhaug
24. april 2023
Roger
30. april 2022

Linda Stuhaug
1. mai 2022
Stine
2. juni 2022

Linda Stuhaug
2. juni 2022
Kristin
1. mai 2022

Linda Stuhaug
1. mai 2022
Karoline
16. januar 2023

Linda Stuhaug
17. januar 2023
Bea
14. juni 2024

Linda Stuhaug
17. juni 2024
Linds
7. mars 2022

Linda Stuhaug
7. mars 2022
ragnhild
22. april 2023

Linda Stuhaug
23. april 2023
Barbro
5. mars 2022

Linda Stuhaug
6. mars 2022
SKRIV EN KOMMENTAR