Annonse
25. mars 2020
Saftige, grove brødvafler
Har du høyrt om brødvafler før?
Det er rett og slett heilt genialt! Brødvaffel er ein type vaffel du kan bruke på samme måte som brød. Er du tom for brød er brødvafler supert å slenge sammen på 1-2-3 🙂 Vaflane kan nytast varme eller kalde til frukost, lunsj, i matpakken eller til kveldsmaten. Dei er ikkje søte – det er heller ikkje meininga – men dei passer likevell med både salt og søtt pålegg, på akkurat samme måte som brød.
Eg har prøvd meg litt fram og funne fram til en oppskrift som eg synes blei heilt perfekt. Vaflane er naturlig proteinrike, grove og næringsrike. I tillegg kan dei fint lagast uten gluten, og det er heller ikkje noko problem å lage dei uten melk for dei som må ha det (les tips) 🙂
Du trenger, 4-6 plater
3 egg
1,5 dl (75 g) havregryn*
0,5 dl (30 g) speltmjøl eller anna mjøl*
1,5 dl melk*
5 ss (125 g) cottage cheese (evt. naturell yoghurt/rømme/kesam/CF)*
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane i ein bolle og kjør blandinga glatt med stavmiksar. La røra svelle i minst 10 minutt. PS! Juster eventuelt med litt ekstra melk om røra er veldig tjukk. Steik gylne vafler i smurt vaffeljern. Server vaflane nystekte, lune eller kalde med valgfritt pålegg♥
TIPS! Lag gjerne dobbel eller trippel oppskrift av røra. Den står seg fleire dager i kjøleskapet, så du kan lage deg ferske brødvafler av ferdig vaffelrøre når du vil 🙂 Du kan også steike opp ekstra vafler, ferdigstekte vafler står seg fint eit par dager i ein matboks eller plastpose i kjøleskapet.
Kan ikkje sei at dette er noko anna enn skikkelig enkelt, eller kva?
Tips og alternativer til oppskrifta*
→ Det har absolutt ingenting å sei kva havregryn du bruker (store/lettkokte/glutenfrie). Du kan også bruke havremjøl istedenfor havregryn.
→ For glutenfri vafler: bruk glutenfri havregryn og glutenfritt mjøl. Du kan også bruke 0,5 dl ekstra havregryn eller havremjøl istedenfor anna mjøl.
→ For melkefri vafler: bruk melkefri yoghurt (for eksempel Kogurt) og alternativ melk (for eksempel Berit Nordstrand sin hacvre- og mandelmelk, den er ein av mine favoritt alternaive melkevarianter).
→ Cottage cheese kan som nevnt byttast med naturell yoghurt, rømme, kesam eller creme fraiche. Bruk det du har!
PS! Bruker du havremjøl istedenfor havregryn og bytter ut cottage cheese med eit av alternativa, så trenger du ikkje å stavmikse røra. Då holder det å røre sammen ingrediensane, for då er jo det ingenting som må kjørast klumpfritt 🙂
Eg fylte ein vaffel med kremost, ost, skinke, ruccola og spisspaprika. NYDELIG!
Eg har også brukt pålegg som cottage cheese & syltetøy, brunost & syltetøy, leverpostei & rødbeter, laks & egg med agurk, pesto & spekeskinke… Fyll med akkurat det du ønsker – på samme måte som brød 🙂
Det er delvis tilfeldig at desse vaflane kom på sjølvaste VAFFELDAGEN – tru det eller ei 😉 Vaflane var planlagt å dele imorgon torsdag, men så las eg igår at det var vaffeldagen idag. Då var det faktisk på sin rette plass å framskyve innlegget ein dag..!
Med andre ord, en super mulighet for å lage seg brødvafler til lunsj eller kveldsmat idag! Eg håper det ser fristande ut, og at de gir meg en tilbakemelding om de prøver♥
Annonse
40 Kommentarer
Terese
17. september 2020
Linda Stuhaug
18. september 2020
Elisabeth Mannerud
16. september 2020
Linda Stuhaug
17. september 2020
Hanna
8. juli 2020
Linda Stuhaug
9. juli 2020
Linn
9. april 2021
Linda Stuhaug
11. april 2021
Hildegunn
13. februar 2021
Linda Stuhaug
14. februar 2021
Beate
4. februar 2021
Linda Stuhaug
5. februar 2021
Linh
14. januar 2021
Linda Stuhaug
14. januar 2021
Pia
20. oktober 2021
Linda Stuhaug
21. oktober 2021
Trude
19. april 2022
Linda Stuhaug
19. april 2022
Astrid Johnsen
28. oktober 2023
Linda Stuhaug
29. oktober 2023
Solfrid Elin
27. april 2020
Linda Stuhaug
27. april 2020
Tobbe
27. mars 2020
Linda Stuhaug
28. mars 2020
Tobbe
29. mars 2020
Linda Stuhaug
29. mars 2020
Malene
27. mars 2020
Linda Stuhaug
28. mars 2020
Anne Gro H Jansen
25. mars 2020
Linda Stuhaug
26. mars 2020
Mari
25. mars 2020
Linda Stuhaug
26. mars 2020
Eirin Hatlen
25. mars 2020
Linda Stuhaug
26. mars 2020
Mette
25. november 2020
Linda Stuhaug
25. november 2020
24. mars 2022
Linda Stuhaug
24. mars 2022
Gro Børretzen
24. april 2022
Linda Stuhaug
25. april 2022
SKRIV EN KOMMENTAR