Annonse
20. mars 2025
Sukkerfrie, saftige kardemommeknuter
Heisann!
Idag vil eg dele en oppskrift fra kokeboka mi " Sunnare søtsaker" som eg har fått vanvittig god respons på: kardemommeknuter! Skikkelig luftige og saftige, og kan virkelig anbefalast om du vil ha ein sukkerfri variant av gjærdeig. Du kan såklart bruke gjærdeigen og heller lage kanelsnurrer eller andre typer boller om du heller ønsker det!
Ingredienser, 12-15 stk
100 g smør
3 dl valfri mjølk
1 egg
500 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
75 g Fiberfin (eller 75 g ekstra mjøl)
50 g Sukrin+ eller Finesse
1⁄2 pakke tørrgjær
1 ss flytande honning (næring til gjæren)
1 ts kardemomme
Fyll og topping
romtemperert smør, Sukrin+ eller Finesse og kardemomme
hakka pistasjnøtter
Slik gjer du:
1. Smelt smør og ha oppi mjølk. Varm til det er fingervarmt. Ha oppi egget.
2. Ha mjøl, Fiberfin, søting, tørrgjær, honning og kardemomme i ei eltemaskin. Hell oppi det våte.
3. Elt deigen til han er glatt og smidig, cirka 10 minutt. Juster undervegs med litt ekstra mjøl om nødvendig. Dekk til deigen og la han heve til dobbel størrelse, 1–2 timar.
4. Kjevle ut deigen til eit tynt kvadrat. Fordel smør, Sukrin+ eller Finesse og kardemomme.
5. Brett deigen mot midten frå begge ender, så du får tre lag med deig. Kjevle godt og bruk ein pizzakuttar til å kutte 10–12 strimlar. Løft opp ein strimmel og dra litt i han så han blir litt lengre. Tvinn han nokre gonger og slå så ein knute på han.
6. Dekk to steikebrett med bakepapir og legg knutane på bret- ta. Dekk til og la knutane heve i 1–1,5 time på ein
lun plass.
7. Sett omnen på 200 grader (over- og undervarme). Pensle knutane med vispa egg og topp med hakka pistasjnøtter (kan sløyfast) før steiking. Steik midt i omnen i 10–15 minutt, til knutane er gylne. Avkjøl på rist.
Håper det frister♥︎
Annonse
2 Kommentarer
Kari Gunn Venås
21. mars 2025

Linda Stuhaug
24. mars 2025
SKRIV EN KOMMENTAR