Annonse
15. februar 2018
Sunn yoghurt panna cotta med bringebær
Riktig god torsdag!
Eg sitter mett og fornøgd etter frukosten og skriver her til dåkke. I går hadde eg matlagingskurs/matlagingskveld «Sunn Kvardagsmat» der vi lagde 16 forskjellige oppskrifter på både frukost, lunsj og middag. Det vart en stor suksess, så det frister virkelig til gjentakelse! Som forventa vart mykje mat igjen og frukosten min denne morgonen har vore en liten buffet med mange ulike småretta av restane, så no trur eg faktisk at eg kjem til å holde meg mett fram til middag. Neida. Men godt var det!
Over til noko heilt anna, nemlig dagens oppskrift! Denne desserten er så sunn og god at du kan ete den til som en del av frukosten eller som mellommåltid om du vil. Frisk og søt yoghurt panna cotta med bringebær♥
Den er altså meint som ein dessert, men består av kun 4 (!) ingredienser, der bær og yoghurt tar det meste av volumet. Proteinrik, sukkerfri, mager og veldig enkel å lage. Også kan den lagast melkefri for dei som treng det!
Eg har brukt bringebær idag, men du kan sjølvsagt bytte bringebær med andre typer frukt/bær. Eg har tidligare laga denne med skogsbær, blåbær, jordbær og mango. Favoritten er bringebær, men dette er jo smak og behag 🙂
Du trenger, 4 store porsjoner
400 g frosne bringebær
400 g naturell yoghurt *
50 g Sukrin+ *
5 plater gelatin
4 ss vatn
Slik gjer du:
1. Ha bringebær, Sukrin+ og vatn i ein kjele. Kok opp under omrøring. Mos blandinga med stavmiksar.
2. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3–4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og smelt i den varme bringebærblandinga.
3. Tilsett yoghurt og bland godt. Hell over i 4 porsjonsformer. Sett i kjøleskap i 3–4 timar, eller til den er stivna. Kan med fordel lagast dagen før.
4. Server med ein klatt søta naturell yoghurt og gjerne litt friske jordbær.
Tips og alternativ*
– Naturell yoghurt kan byttast med anna type yoghurt/kesam. Vær obs på å bruke litt mindre søtning om du bruker en yoghurt som er søt i seg sjølv.
– Oppskrifta kan fint lagast melkefri; då bytter du ut yoghurt med kokoskrem eller kokosmelk (ikkje light). Er kokosmelka veldig flytande vil eg anbefale å bruke en ekstra gelatinplate.
– Sukrin+ kan byttast med anna type søtning tilsvarande ca. 100 g sukker.
– Smakstilsett gjerne med lime, sitron eller andre smakstilsetninger.
Cirka. mettande og gode 100 kalorier per porsjon! Eg tar fort dobbel porsjon av en slik dessert, fordi det er så friskt og godt. Eg elska slike bærdesserter♥
Håper det frister! Nyt torsdagen 🙂
Annonse
12 Kommentarer
Heidi
5. mars 2018

Linda Stuhaug
5. mars 2018
Heidi
2. mars 2018

Linda Stuhaug
4. mars 2018
sarah
1. mars 2018

Linda Stuhaug
2. mars 2018
SKRIV EN KOMMENTAR