Annonse
14. august 2018
Supre havremuffins – til frukost, matpakken eller turmat
God tirsdagsmorgen!
Vi er godt ut i august måned, som betyr at kvardagen er i gang for mange. Jobb og skule kaller, og den såkalte kvardagsmaten er ofte en utfordring… Desse supre havremuffinsane er laga med massevis av næringsrike ingredienser og passer perfekt til frukost, i matpakken, som mellommåltid eller eventuelt turmat. Med cottage cheese og havre som hovedingredienser er dette muffins som både store og små kan nyte til hovedmåltida 🙂
Lag opp eit brett og fordel muffinsane utover veka! Dei er supersaftige, mektige og veldig gode, kan varierast med ulike smaker/ ingredienser og holder seg ferske i fleire dager. Med frukt og bær som smakstilsetning er det ikkje nødvendig med noko ekstra pålegg, så desse kan du rett og slett ete som dei er.
Muffinsane er laga med ingredienser du finner på dagligvarebutikken. Dei er ikkje veldig søte (det er heller ikkje meininga) – dei blir jo litt som havregraut i muffinsformer, på en måte 😉
Desse muffinsane er nokså like mine tidligare såkalte FRUKOSTMUFFINS som eg har laga i 5 ulike varianter. I desse frukostmuffinsane har eg brukt overmoden banan for saftighet og sødme. Desse er veldig gode, men i dagens oppskrifta har eg droppa banana. Her ser du 3 ulike varianter av muffinsane:
Alle oppskriftene finner du ved å søke på FRUKOSTMUFFINS i søkefeltet (link ved å trykke på bildet).
Supre havremuffins, 12 stk
200 g cottage cheese
200 g kesam
2 egg
100 g havremjøl
100 g havregryn
1 ts bakepulver
1 ts kanel
1/2 ts kardemomme
40 g flytande honning eller fibersirup gold
–
Valgfri ekstraingredienser i deiga/i muffinsane/på toppen – denne gangen har eg brukt norske bringebær og moreller, både inni muffinsane og på toppen.
Slik gjer du:
Ha cottage cheese, kesam og egg i en bolle. Kjør blandinga heilt glatt med ein stavmiksar. Bland inn bakepulver, kanel, kardemomme, honning, deretter havremjøl og havregryn. La blandinga svelle i minst 10 minutt.
Visst du bruker muffinsbrett: pensle kantane godt med smør eller kokosolje. Eg fordelte litt deig i muffinsformane, deretter biter av bringebær og moreller, før eg fylte opp resten av formen med deig. Deretter toppa eg muffinsane med litt ekstra bringebær og moreller.
Steik på 180 grader, over-undervarme i 15-25 minutt, eller til dei er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist. Oppbevar i en matboks, dei kan også frysast 🙂
Tips og alternativer
♦ Hugs glutenfritt havremjøl og glutenfri havregryn for 100% glutenfri havremuffins. Du kan fint blende havregryn til havremjøl i ein blendar.
♦ Miks og triks med egne smaker og ingredienser! Bytt gjerne ut bringebær og moreller med andre typer frukt og bær.
Knallgode! Håper fleire vil prøve seg 🙂
*
Til slutt tenkte eg å tipse dåkke om spesielt den nye turbuksa mi;
Eg var på tur igår, og sjølv om sola skinner, så er ikkje temperaturen der den har vore. Hausten er nydelig når sola skinner, men ofte litt kaldare… Før helga henta eg en pakke på posten med Johaug sin populære turbukse, og denne var fantastisk å gå med og anbefalast virkelig! Turjakka var heller ikkje så verst altså, men denne passer like godt til innendørsbruk også 🙂
→ Tynn turjakke HER. Vindtett og vannavvisande 🙂 Finnes også i BLÅ og SVART!
→ Turbukse fra Johaug HER. Vindtett i front, varm men likevell veldig pustande. Fantastisk å gå tur med.
God tirsdag, godtfolk – nyt dagen!
Annonse
12 Kommentarer
Anette
20. september 2018

Linda Stuhaug
22. september 2018
Frøken M
15. august 2018

Linda Stuhaug
16. august 2018
Frøken M
25. august 2018

Linda Stuhaug
28. august 2018
Arnhild
15. august 2018

Linda Stuhaug
16. august 2018
Marie
15. august 2018

Linda Stuhaug
16. august 2018
Marianne
14. august 2018

Linda Stuhaug
14. august 2018
SKRIV EN KOMMENTAR