Annonse
25. oktober 2018
10 matfakta om meg som kanskje vil overraske deg
Hei!
I helga fikk eg eit spørsmål om eg kunne dele nokon morsomme matfakta om meg sjølv… Eg synes det høyrtes litt artig ut eg, så dette fant eg ut at eg kunne ta som vekas spørsmål. Morsomme er dei nok ikkje, men trur likevell det er nokon av desse punka som kanskje kjem til å overraske litt 😉 Innlegget blei litt lengre enn tenkt, men pyttsann – sånn blei det!
Foto: Jon Marius Nilsson
Det er over 10 år sidan eg slutta å ete brød i mitt daglige kosthold. Eg har rett og slett aldri vore noko glad i verken tradisjonelt brød eller gjærbakst, og når eg begynte på ungdomsskulen slutta eg å bry meg om det normaliserte kostholdet. Dette var lenge før eg endra livsstilen min og brydde meg om sunnhet, så brødskivene blei bytta med blant anna nudler, lyse knekkebrød og smørgraut (du veit den med mjøl, smør og melk…). Eg er fortsatt ikkje noko glad i brød eller gjærbakst, med nokre unntak eller en sjelden lyst innimellom, men det absolutt ikkje ein stor del av kostholdet mitt. Det forklarer også kvifor det sjelden kjem tradisjonelle brødoppskrifter og andre oppskrifter på gjærbakst her på bloggen.
Eg er eit skikkelig periodemenneske når det kjem til mat. Eg kan få dilla på en frukost, lunsj, kveldsmat eller mellommåltid, og ete det kvar dag i vekesvis. Så går eg lei og lager meg noko nytt… For litt sida var det sjoko-banan-peanøttsmør-smoothieeg måtte ha daglig, akkurat no er eg i en periode der eg ete lomper med jarlsberg, egg, majones og agurk kvar dag. Eg drikker også minst 2 kopper med dandy blend daglig. Meir om dandy blend kan du lese her.
Eg er en pepperoman. Visst det er eit ord… Det er ikkje så mykje de ser til, for eg tar nemlig alltid bilde av maten min før eg peprer den. Alt (nesten vertfall) smaker bedre med pepper på!
Eg trur eg ete meir kaker/is/søtsaker MED sukker, enn eg ete UTEN sukker. Nokon av dåkke trur eg baker sukkerfri søtsaker med sukrin støtt og stadig, men det gjer eg ikkje. Eg baker det egentlig veldig sjelden (2-3 ganger i mnd), og eg er ingen storspisar av det heller. Då snakker eg oppskrifter som er meint som eit sukkerfritt og sunnare alternativ til det søte (kaker, desserter osv). Det er absolutt ikkje ein del av mitt daglige eller vekentlige kosthold. Vanlig MAT står for 90% av mitt kosthold, så ete eg litt sukkersøtt og litt sukkerfritt søtt når eg har lyst på det. Is handler eg stort sett kvar fredag så. Men, eg elska å bake alternativt – og kjem sjølvsagt til å fortsette med det. Det er det som er min greie, det er det eg elska å eksprimentere med.
Eg elska kalde, kokte poteter. Eg er veldig glad i potet generelt, men det aller beste er når poteta er kokt og avkjølt. Eg kan seriøst maule det fra kjøleskapet som om det var sjokkis…. En typisk matpakke for meg kan bestå av kokte egg, kokte poteter og grønnsaker. NAM!
Det er naturligvis ein del mat eg ikkje er fullt så glad i, men det er få matvarer/ingredienser eg ikkje kan fordra. Gir du meg ein rett med fersk koriander kan du vere sikker på at eg ikkje klarer å ete det. Koriander er faktisk noko eg ikkje klarer smaken av, dessverre. Men veldig fin å pynte med då 😉 Nokre andre matvarer eg virkelig ikkje kan fordra er kamskjell, kokos og selleri. Klarer det ikkje!
Frukt er noko av det beste eg veit, og eg kan virkelig ha problemer med å begrense meg. Hadde det ikkje vore for min irritable tarm (hatt IBS sidan 2010) så kunne eg ete store mengder frukt kvar einaste dag. Nokon tåler eg bedre enn andre, og litt går fint, men frukt generelt er noko eg virkelig kunne ønske eg tålte bedre.
Eg trur ikkje det går ein einaste dag uten at eg ete cottage cheese. Og visst det gjer det, så kan eg etter 1-2 dager oppleve cravings på det. Det er virkelig ein av mine favoritt matprodukt her i verden, og eg elska det! Eg foretrekker å ete det rett fra boksen, men ete det også som pålegg, i salater, tilbehør til middagen, i ei skål med frukt, bær, nøtter også vidare. Yum!
Eg er på ingen måte eit middagsmenneske. Eg foretrekker kald mat framfor middag nesten uansett. Sett meg framfor eit koldtbord eller salatbar, og eg er i himmelen. Sett meg framfor en varmmat-buffet og eg springer heller bort til kaldmat-buffeten. Det er ikkje uten grunn at eg nesten aldri laga meg middag når eg budde 3 år i Oslo for meg sjølv. Eg hadde meir lyst på lomper, knekkebrød, salater, kalde fiskekaker – enn eit varmt middagsmåltid….
For meg er det absolutt ikkje noko prblem å ha åpne sjokoladeplater og lignande liggande i skapet. Mange klarer ikkje å ha det liggande uten å småspise på det, men for min del er det ikkje eit problem. Det som derimot er eit problem er for eksempel heimelaga mandelsmør. Det er nesten farlig å lage opp, for før eg veit ordet av det står eg med skeia i krukka og rett i munnen. Det er SÅ godt!
*
Så – no er eg spent! Las du noko som overraska deg? Og er det nokon som kjenner seg igjen i nokre av punka kanskje? Please sei at det er fleire som ikkje kan fordra koriander? Er pepperoman? Litt for glad i cottage cheese? Eller rett og slett berre er eit periodemenneske??! 😀
Annonse
36 Kommentarer
Maria
31. oktober 2018

Linda Stuhaug
1. november 2018
Ida
30. oktober 2018

Linda Stuhaug
31. oktober 2018
Elin
28. oktober 2018

Linda Stuhaug
29. oktober 2018
Maiken
26. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Marie
26. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Roberta
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Rebekka
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Anette
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Marita
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Kari
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Therese
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Iren
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Line
26. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Eva
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
26. oktober 2018
Ane
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
25. oktober 2018
Linn
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
25. oktober 2018
Beate
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
25. oktober 2018
Tina
25. oktober 2018

Linda Stuhaug
25. oktober 2018
SKRIV EN KOMMENTAR