Annonse
12. november 2020
Laks med agurksalat
Eg har hatt så dilla på denne laksekombinasjonen dei siste månedane! Laks, kokt potet, agurksalat og rømme – nam♥
Det her er ein typisk laksemiddag som vertfall eg har vokse opp med, og en kombinasjon som med åra har blitt litt gløymt – heilt fram til sambuaren min bestilte denne middagen for ei god stund tilbake. No har vi hatt denne middagen vertfall annakvar veke sida, og visst det er fleire enn meg som også hadde gløymt vekk denne gode kombinasjonen, så får du ein påminnelse med meg idag 🙂
Det du trenger er enkelt og greit:
♦ Laks eller ørret
→ Inn i ovnen på 180 grader i 10-15 minutt, eller til den er ferdig
♦ Kokte poteter
♦ Rømme
Agurksalaten lager eg på slump, men den består cirka av:
♦ 1 agurk
♦ 2 ss eddik 7%
♦ 2 ss eplecidereddik
♦ 2 ss vatn
♦ 2-3 ss søtning (eg bruker sukker eller halverer mengde med sukrin+)
→ Skjær opp agurken med ostehøvel og bland inn resten av ingrediensane. Her er det viktig å smake til, enten med meir syre eller med meir sukker, eventuelt litt ekstra væske.
→ Denne mengden ete vi til to personer 🙂
Så er det berre å servere! Mengdene med ingrediensar må justerast etter behov 🙂
Velbekomme!
En sunn og enkel middag som ikkje tar lengre tid enn potetene koker 🙂
Annonse
4 Kommentarer
Anne
25. april 2021
Linda Stuhaug
25. april 2021
Ingunn
19. april 2021
Linda Stuhaug
20. april 2021
SKRIV EN KOMMENTAR