Annonse
23. november 2020
Vegetarlasagne med bønner & fetaost
Hurra for mandag! Vegetarmandag som alltid her på bloggen 🙂
For nokon år tilbake hadde eg eg periode der eg hadde skikkelig dilla på vegetarlasagne. Eg lagde vegetarlasagne i alle mulige slags varianter; med kun grønnsaker, med linser, med bønner, med quinoa, med ulike typer oster, krydder og smakstilsetninger. Eg synes både då og no at vegetarlasagne er skikkelig godt, og i helga så lagde eg en variant med bønner & fetaost som eg har lyst å dele med dåkke!
Denne blei skikkelig smakfull og god, med masse deilige grønnsaker, smakfull bønne-tomatsaus, fetaost mellom laga, lomper (som alltid) og sjølvsagt ost på toppen. En virkelig god vegetarlasagne som eg varmt kan anbefale, uansett om du er vegetarianer eller kjøtt-elsker 🙂
Eg hadde ikkje handla og ingrediensane blei tilfeldig til av det eg hadde i kjøleskap, kjøkkenskap og frysar. Ingen grunn til å følge oppskrifta slavisk, bruk den som inspirasjon og lag gjerne din egen vri ut fra kva du har heime!
Til 3-4 personer trenger du:
♦ 1 kartong (230 g) kidneybønner, skylte i eit dørslag
♦ 1 kartong (230 g) svarte bønner, skylte i eit dørslag
♦ 1 kartong (400 g) hakka tomater
♦ 2 ss tomatpure
♦ 6-8 lomper
♦ 1 blokk (250 g) fetaost, smuldra opp med gaffel
♦ 1 paprika, grovhakka
♦ evt. andre grønnsaker du har (eg hadde litt brokkoli som eg finhakka)
♦ 1 stor eller 2 små løk, grovhakka
♦ 1 kinesisk kvitløk og 1 chili, finhakka
♦ gjerne litt ferske urter, finhakka
♦ valgfritt krydder (eg brukte salt, pepper, paprikakrydder og pizzakrydder)
♦ raspa ost
Slik gjer du:
1. Steik løk, kvitløk og chili i litt smør til løken er blank.
2. Tilsett bønner, hakka tomater, tomatpure, paprika og evt. andre grønnsaker du vil bruke. Tilsett og 1 dl vatn.
3. Kok opp og la det småkoke under omrøring i 10 minutt. Juster eventuelt med ekstra vatn underveis om nødvendig, men det skal vere ein fyldig tomatsaus.
4. Mos blandinga lett med ein potetstapper. Det er ikkje nødvendig, men eg synes det blir ekstra godt då 🙂 Smak til med krydder.
5. Deretter er det berre å legge lasagnen lagvis i en form. Start med 1/4 av bønneblandinga, etterfulgt av lomper og 1/3 av fetaosten. Legg dette i 3 lag, avslutt med bønneblanding og til slutt raspa ost på toppen.
6. Steik på 200 grader til osten er smelta og gyllen.
Server vegetarlasagnen på samme måte som du serverer andre typer lasagne 🙂 Her i hus er det alltid ein frisk salat, kesam eller en god dressing og litt fetaost-terninger visst vi har.
Håper fleire vil prøve seg på denne! No blir det nok vegetarlasagne framfor min tradisjonelle lompelasagne framover, for dette gav meirsmak hos sambuaren min også 🙂 Lasagnen passer like godt til kvardag som helg, og restane smaker faktisk bedre dagen etterpå♥
Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger om de prøver ut oppskriftene mine, enten det er i kommentarfeltet på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida mi HER 🙂
Annonse
26 Kommentarer
Agnes
20. mars 2022

Linda Stuhaug
21. mars 2022
Inga
24. april 2021

Linda Stuhaug
25. april 2021
julie
15. mars 2022

Linda Stuhaug
15. mars 2022
Anna
7. september 2022

Linda Stuhaug
11. september 2022
Marianne Garaas
10. januar 2022

Linda Stuhaug
11. januar 2022
Sølvi nilsen
20. januar 2023

Linda Stuhaug
21. januar 2023
Merete
21. mars 2024

Linda Stuhaug
21. mars 2024
Kristin
13. mars 2022

Linda Stuhaug
13. mars 2022
Frida
6. desember 2020

Linda Stuhaug
6. desember 2020
Tone
23. november 2020

Linda Stuhaug
24. november 2020
Malene
23. november 2020

Linda Stuhaug
24. november 2020
Gerd Inger
26. august 2022

Linda Stuhaug
28. august 2022
Cathrine Silgjerd Leiros
19. januar 2025

Linda Stuhaug
20. januar 2025
SKRIV EN KOMMENTAR