Annonse
4. oktober 2022
Alt-i-ett krema laks og quinoaform
Hei dåkke!
Idag leiter eg fram ein av mine favorittoppskrifter fra mi forrige kokebok " Opptur med sunne middagar", nemlig ein krema laks- og quinoaform! Her har du alt i ett og, og formen er smakfull og skikkelig god. Anbefalast♥︎
TIPS 1: bytt gjerne laks med f.eks kyllingfilet! Kyllingfileten må då steikast litt først (trenger ikkje vere heilt gjennomstekt). Ellers kan du følge samme framgangsmetode!
TIPS 2: klargjer formen kvelden før, så gjenstår kun steiking til middagstid! Då gjer du alt som står i oppskrifta, men dropper osten. Sett formen i kjøleskapet, og når du kjem heim fra jobb dagen etterpå, så topper du formen med ost og steiker. Middag ferdig på 20 minutt!
Ingredienser, ca 4 personer:
500 g laks eller ørret
200 g fersk spinat
1–2 brokkoli, i buketter
2,5 dl quinoa
raspa ost
Saus
6 dl melk
125 g kremgo, gjerne med urtesmak (den grønne)
2 ss maisenna
salt, pepar og kvitløkspulver
Slik gjer du:
1. Skyll quinoa i varmt vatn og kok den deretter i lettsalta vatn i ca. 15 minutt med lokk.
2. Mens quinoaen kokar lagar du saus: kok opp 5 dl melk med kremgo urter. Rør ut maisenna i resterande 1 dl melk og tilsett i ein tynn stråle i den kokande melka medan du rører. Det skal bli ein fyldig, krema saus. Smak til med salt, pepar og kvitløkspulver.
3. Legg spinat i botnen av ei eldfast form, etterfulgt av den ferdigkokte quinoaen, brokkolibukettar i små buketter og laks i mindre bitar. Hell over sausen og avslutt med raspa ost.
4. Steik på 200 grader, over-undervarme i ca. 20 minutt, til osten er godt gyllen. Server!
Håpe det frister!
Annonse
11 Kommentarer
Hanne
22. januar 2023

Linda Stuhaug
23. januar 2023
Oline
14. oktober 2022

Linda Stuhaug
14. oktober 2022
Mariann
18. januar 2023

Linda Stuhaug
21. januar 2023
Anne lise
10. oktober 2022

Linda Stuhaug
11. oktober 2022
Hege Selfors Nielsen
18. oktober 2023
Iren
10. april 2023

Linda Stuhaug
10. april 2023
SKRIV EN KOMMENTAR