
Eit vanvittig år er over, fylt med både gleder og sorger, frustrasjon, meistring, fortvilelse og stolthet. Det har definitivt vore det mest utfordrande året hittil i mitt 23 år gamle liv, med ei knallbratt læringskurve på fleire områder. Tida som førstegangsforfattar, fulltidsstudent, bloggar, fast spaltist i to ulike blad og kursholdar. Tida som datter, søster, venninne, kjæreste, fadder og berre Linda.
2017 kjem alltid til å vere eit spesielt år for meg, og idag på årets andre dag vil eg ta en liten oppsummering av året som har gått. Litt bloggrelatert, litt privat – håper de liker innlegget♥
ÅRETS HØGDEPUNKT

Årets høgdepunkt var faktisk å dele nyheten om boka mi♥ Dåkke tok det så godt imot, og det var virkelig fint at så mange både gleda seg, og gleda seg på mine vegne! Innlegget «Endelig kan eg dele min store hemmelighet» kan du lese HER.
*
ÅRETS FINASTE TUR


Eg fikk endelig tatt turne til Vetvikja – ei av dei finaste perlene i Sogn og Fjordane♥ Vi slo opp telt på kanten og hadde både utsikta og solnedgangen med oss heile kvelden.
*
ÅRETS VENNINNE

Frøken Mathilde Arneberg♥ Denne jenta har gjort året mitt heilt spesielt, og kvardagen i Oslo hundre hakk bedre. Visst nokon lurer på kven som har skrevet forordet til boka mi, så er det ingen andre enn Mathilde♥
*
ÅRETS GLEDE

Å få boka mi ferdig i posten, etter eit år knallhard jobbing♥

*
ÅRETS SORG

Eg har ikkje opplevd å miste nokon som står meg nær i voksen alder, men det fikk eg virkelig kjenne på i 2017 når to av mine besteforeldre døde med berre nokon måneder mellomrom. Besten og bestefar vil alltid vere i mitt hjerte♥
*
ÅRETS UT-AV-KOMFORTSONEN


Eg holdt kurs/workshop på årets Shape Up Weekend – superstas, men også ut-av-komfortsonen for min del. Men det er då man vokser, ikkje sant? 🙂
*
ÅRETS PODCAST

I november var eg med på Ingefær Podcast, og du kan lytte til episoden HER.
*
ÅRETS NYE DILLE

Heimelaga kefir er absolutt min nye dille dette året! Korleis du lager det kan du lese HER.
*
ÅRETS MEST HEKTISKE DAGER


Det er ingen tvil – forberedelsane og ikkje minst sjølve fotoveka då eg og Jon Marius tok matfoto til boka mi! Vi tok ikkje den lettaste utveien, men gjorde bildene ekte, uperfekt og sjarmerande. Du kan lese meir om fotoveka HER.

*
ÅRETS BLOGG

Når bloggaren kjem på besøk og skal ta bilde av kaka si… Så må det ordnast til! Heldigvis tok Mathilde det med eit stort smil 🙂
*
ÅRETS ALLER MEST POPULÆRE OPPSKIFT

Sunn pizza med enkel havrebunn uten heving – oppskrifta finner du HER.
*
ÅRETS DUMMASTE VALG

Unngå å smøre meg med solkrem når eg reise på joggetur ute i sola i mai måned…
*
ÅRETS TURANBEFALING



Via Ferrata Loen♥ Les meir HER!
*
ÅRETS BILDE

Litt lei under portrettfotograferinga til boka mi… Haha!
*
Så, det var en liten oppsummering av året 2017, så på tampen vil eg ønske dere alle eit riktig godt nytt år♥
Eg gleda meg virkelig til å dele det kommande året, og trur 2018 blir eit bloggmessig sinnsjukt bra år!