LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Publisert for over 7 år siden|Ukategorisert

Det går ikkje an å tilfredsstille alle

Det går ikkje an å tilfredsstille alle

«Synes du har for mykje fokus på kvardagsmaten for tida».
«Hurra for kvardagsoppskrifter, du redder virkelig kvardagsmaten vår!».

«Eg er diabetiker og savner fleire oppskrifter på sukkerfri søtsaker».
«Du du deler for mykje sukkerfritt».

«Takk for at du har fokus på matglede, og ikkje på kalorier!»
«Synes du kan begynne å rekne på kalorier i oppskriftene du deler. Vi er mange som er nødt eller vil vite det».

«Lenge leve lompegalskapen!»
«Eg er lei av lomper».

«Både boka og bloggen din hadde vore bedre om du skreiv på bokmål».
«Hold på dialekta di og identiteten din. Det ligger så mykje sjel i nynorsken, og det er så flott!»

Det går ikkje an å tilfredsstille alle - image 1

Eg kunne virkelig ønske at eg klarte å tilfredsstille alle, men beklager – det går faktisk ikkje. Lesere og følgere klikker seg innpå bloggen min med forskjellige hensikter, på utkikk etter ulike oppskrifter, tips og triks. Nokon treng inspirasjon, andre treng motivasjon. Nokon lurer på kva dei skal ha til middag, andre lurer på kva kake dei skal bake til helga. Nokon kjemper seg ned i vekt, andre kjemper seg opp i vekt.

Misforstå ikkje, det er sjølvsagt heilt innafor å komme med tilbakemeldinger på det eg deler. Ønsker til innlegg og oppskrifter. Spørsmål, tips eller konstruktiv kritikk. Men sjølv om du ikkje er så interessert i dei sukkerfri oppskriftene eg deler, så er det faktisk andre som utelukkande følger meg for desse. Sjølv om du ikkje liker lomper, så er det tusenvis av andre som gjer det. Sjølv om du må vite kaloriinnhold i oppskriftene eg deler, så betyr det ikkje at eg må rekne det for deg.

Det går ikkje an å tilfredsstille alle - image 2

Eg prøver å variere innholdet mitt så mykje som mulig. Oppskrifter til alle døgnets tider, tips og triks for ein sunn kvardag.

Eg prøver å gjere det enkelt og ukomplisert å ta sunnare og bedre valg. For det er ikkje nødvendigvis så mange endringer som skal til.

Eg prøver å fokusere på matglede og en balansert livvsil. For det å kjenne på matglede er noko unikt, og matglede er nytelse av både sunn mat og mindre sunn mat.

Det går ikkje an å tilfredsstille alle - image 3

Dette innlegget er ikkje skrevet med en negativ tone altså. Eg vil berre få fram poenget med at alle de lesere og følgere har ulike mål, ulike hensikter og ulike meininger i forhold til det eg deler. Det er jo alltid en grunn til at ein klikker seg innpå bloggen min, så noko riktig må eg jo gjere uansett om ikkje alt eg deler treffer alle like mykje. Det går ikkje an å tilfredsstille alle, men alle kan bli tilfredsstilt av noko. Er de ikkje einige?