LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Publisert for over 8 år siden|Kokebøkene mine

Min start på forfattardrømmen

Min start på forfattardrømmen

På seinsommaren i fjor, august 2016, var det en tilfeldig fredagskveld som plutselig skulle endre det kommande året drastisk. Eg hadde akkurat komt tilbake til Oslo og studentlivet etter heile sommaren heime. Teamet bak United Influencers arrangerte fredagspils som en sosial, kjekk kveld der alle oss blogggere var invitert. Eg var skikkelig sliten etter ei lang og hektisk veke med mykje skule og jobb, og hadde mest lyst til å droppe denne fredagspilsen. Eg reiste likevell, og det er eg så innimari glad for idag. Her møtte eg nemlig ei som sparka i gang min start på forfattardrømmen!

Les meir om boka og forhåndsbestill den her.

Min start på forfattardrømmen - image 1


Mari Hult, den fantastisk koselige dama bak Vegetarbloggen, var allerede komt. Ho hadde akkurat komt ut med si første kokebok – Sykt Godt – som etter kort tid skulle vere lanseringsfest for. Eg gjekk bort til ho og gratulerte så mykje med boka, og stilte ho nokon nysgjerrige spørsmål om forfattarlivet.

«Men Linda, kvifor har ikkje du gitt ut bok?». Eit åpent, konkret og egentlig vanskelig spørsmål. Vi prata litt om det og eg la ikkje skjul på at det var noko eg absolutt hadde lyst til, men eg tenkte med meg sjølv at timinga kanskje ikkje var heilt riktig no. Eg var midt i ernæringsstudie og følte eg hadde mange nok baller å sjonglere med.

«Linda er blogger sammen med meg i United Influencers og landets beste på sunn mat. Anders driver Frisk Forlag og er en fantastisk person å lage bok med. Håper dere har lyst å ta en prat om evt. sammerbeid».

Jepp. Før eg visste ordet av det hadde Mari satt meg i kontakt med Frisk Forlag. WOW, var vell min første tanke…

Min start på forfattardrømmen - image 2

Anders og Lennart kom til Oslo og vi hadde vårt første møte i starten av september. Vi prata, utveksla idèer og hadde en fin kjemi. Eg la stor vekt på at eg ville vise lesaren at det ikkje behøver å vere kjedelig, tidskrevande eller einsformlig med sunn mat, men at det kan vere enkelt, godt og utrulig spennande. Rett og slett en opptur! Anders og Lennart var positive og engasjerte fra dag 1. Eg følte forlaget var midt i blinken for meg, og eg hadde en god magefølelse på det heile. Dette var starten på forfattardrømmen og no, eit år etterpå, er Opptur med sunn mat blitt realitet♥