Mine topp 5 matvarer

Hei!
Eg fikk eit spørsmål om kva som var mine topp 5 matvarer, kvifor og kva eg bruker dei til. Det tenkte eg derfor å ta opp som vekas spørsmål idag! Eg velger å vinkle det til dei 5 matvarene som eg kanskje bruker mest, då i hovedsak i mitt daglige kosthold, og som eg alltid har tilgjengelig heime. Det er jo ikkje slik at mitt daglige kosthold kjem så veldig godt fram på bloggen, men matvarene kjenner de definitivt til likevell 🙂
HAVREGRYN
Havregryn er noko eg ete kvar einaste dag i ein eller anna slags form. Det er ikkje så ofte eg ete havregryn i form av havregraut, kjøleskapsgraut eller havregryn over yoghurten, men eg bruker havregryn eller havremjøl som tørrvare i nesten alle oppskrifter der det passer seg. Då snakker eg om både salte og søte oppskrifter, alt fra heimelaga knekkebrød til vafler, frukostpannekaker, musli, muslibarer, proteinrikt havrebrød eller rundstykker, frukostkaker, frukostmuffins, søte kaker og mykje, mykje meir. Havregryn og havremjøl (som er malt havregryn) er virkelig anvendelig, sunt, godt og næringsrikt!

♦ Grov, næringsrik frukostkake –
♦ Muslibar med nøtter –
♦ Proteinrikt havrebrød –
♦ Sunne, grove vafler –
♦ Sprø og supergode knekkebrød med havre og valnøtter –
♦ Grove, enkle frukostmuffins –
*
AGURK
Eg blir faktisk litt stressa når vi ikkje har agurk i kjøleskapsskuffen. Det er rett og slett fordi eg elska agurk og bruker det til alt av . Om eg ete lomper, knekkebrød eller nokre skiver med protenirikt havrebrød til frukost (som eg gjer i 95% av tilfella), så har eg naturligvis pålegg på, og topper pålegget med agurk. Det blir rett og slett ikkje det samme uten!



