Annonse
5. august 2025
Babymat: kjøttpinner - mjuke og enkle å gripe!

Heisann!
Idag har eg babymat oppskrift å dele med dåkke, nemlig kjøttpinner! Desse er forma avlange og er derfor enkle å gripe for baby, samtidig som dei er mjuke. Det betyr fin plukkemat/ete-sjølv-mat for små fingre fra dei er klare for det❤️

Denne oppskrifta kan du gjerne variere litt etter ønske. Eg har tilsatt ein boks med kvite bønner for meir næring og fiber, det er faktisk den belgveksten med høgst innhold av jern - men du kan gjerne bruke andre typer bønner eller linser istedenfor.
Ellers kan du tilsette ekstra krydder (eg har brukt paprika og timian fordi det både gir litt smak, men også fordi dei inneholder mykje jern), raspa grønnsaker, kokt quinoa, tomatpure for tomatsmak m.m. Ei grunnoppskrift som er fin å variere, med andre ord!

Du trenger, ca 16 stk:
400 g karbonadedeig eller kjøttdeig
1 boks kvite bønner
2 egg
2 ts paprikakrydder
2 ts tørka timian
Slik gjer du:
1. Skyll bønnene i eit dørslag og la det renne godt av. Mos litt med stavmikser eller i en liten foodprosessor.
2. Ha alle ingrediensane i en bolle og og bland godt.
3. Form til avlange pølser og legg på eit steikebrett med bakepapir.
4. Steik på 200 grader, over-undervarme, i ca 10-12 minutt. Avkjøl.
TIPS! Form dei gjerne til flate pølser istedenfor runde pølser. Det blir enda tryggare for baby å ete sjølv :)


Server gjerne med dampa og mjuke grønnsaker! Eg har variert litt kva ekstra eg gir på tallerken, her med stort jordbær, næringsrik vaffel toppa med litt most bringebær og godt mjuk gulrot + brokkoli. Trenger ikkje vere så meget altså, det holde i massevis med kjøttpinne og litt grønt😃

Ved å kombinere bønner og kjøttdeig oppnår man noko som kalles kjøttfaktoren, og det skal eg skrive litt om i eit eget innlegg om ikkje så lenge!
Håper oppskrifta kan falle i smak hos babyen din♥︎
Annonse
6 Kommentarer
Sigrid
6. august 2025
Linda Stuhaug
7. august 2025
Mia
9. august 2025
Linda Stuhaug
11. august 2025
Mia
13. august 2025
Linda Stuhaug
13. august 2025
SKRIV EN KOMMENTAR