Annonse
15. september 2025
Cottage cheese pizzaboller på under 30 minutt!

Trenger du matpakke-inspirasjon? Då er desse midt i blinken🤩
Skikkelig saftige, gode og mettande - perfekt med litt grønnsaker i matboksen!

Cottage cheese pizzaboller ala protein pizzaboller er noke eg faktisk har laga sida 2016, berre at eg har kalla dei noke anna - «Protein havrerundstykke med innbakt ost og skinke»🧀 Litt småjusteringer er gjort i oppskrifta, men like gode som dei var då!

Du trenger, 9 store stk:
• 3 egg
• 1 beger, 400 g cottage cheese
• 1 ts bakepulver
• 1 ts salt
• 1 ts pizzakrydder
• 85 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
• 85 g havremjøl
-
• 1/2 bunt vårløk, grovhakka
• 100-150 g skinke, grovhakka
• 100 g raspa ost

Slik gjer du:
1. Ha egg og cottage cheese i en bolle og mos heilt klumpfritt med en stavmikser.
2. Rør inn dei tørre ingrediensane.
3. La gjerne røra svelle i 5-10 minutter før du vender inn vårløk, skinke og ost.
4. Form til 9 klatter på eit steikebrett med bakepapir og klapp lett flate med våte hender.
5. Steik på 200 grader, over-undervarme i 15-20 minutter til dei er gylne. Avkjøl på rist.

Aller best lune eller varme, men også gode kalde🥰
Annonse
8 Kommentarer
Aud Nathalie
15. september 2025
Linda Stuhaug
16. september 2025
Marita
30. september 2025
Linda Stuhaug
30. september 2025
HELLE
19. september 2025
Linda Stuhaug
21. september 2025
Ida Sofie
19. september 2025
Linda Stuhaug
21. september 2025
SKRIV EN KOMMENTAR