Annonse
7. november 2022
Crunchy peanøttbarer
Heimelaga energibarer er alltid dei beste! Eg har laga min favorittoppskrift i en litt ny vri, og resultatet blei crunchy peanøttbarer med ein småseig konsistens og heilt nydelig smak. Perfekt som sunnare kos, mellommåltid eller på tur😍
Ingredienser, ca 14 biter:
• 100 g peanøttsmør (evt anna nøttesmør)
• 100 g sukrinsirup gold eller honning (evt anna flytande søtning)
• 35 g havregryn
• 35 g peanøtter (evt andre nøtter)
• 35 g peanøtter (til topping)
• 30-40 g sukkerfri sjokolade
Slik gjer du:
1. Veg peanøttsmør og flytande søtning rett i en bolle eller kjele. Varm litt og bland sammen.
2. Ha oppi havregryn og peanøtter. Rør inn før du presser massen ut i en boks med bakepapir. Min boks var 10x15 cm.
3. Topp med 35 g ekstra peanøtter som du trykker ned i massen med baksida av ei skei. Avslutt med smelta sjokolade på toppen.
4. Sett kaldt. Etter minst 1-2 timer kan du skjære opp i biter.
Barane kan oppbevarast i kjøleskap i vekesvis, men heilt ærlig trur eg Ikkje dei varer så lenge, hehe!
Håper dei smaker❤️
Annonse
5 Kommentarer
Beate Aakerøy
18. desember 2022

Linda Stuhaug
19. desember 2022
Beate
19. desember 2022
Berit Alme
7. desember 2022

Linda Stuhaug
11. desember 2022
SKRIV EN KOMMENTAR