Annonse
26. oktober 2021
Eggemuffins – perfekt i matpakka
Hei tirsdag!
Idag deler eg en oppskrift på eggemuffins som eg har delt i ulike varianter opp gjennom åra. Eggemuffins er som omelett i muffinsformer, og er supre til frukost, i matpakken, til kveldsmat og mykje meir 🙂 Desse er med bacon og er superenkle å lage:
Eggemuffins med bacon, 12 stk
♦ 8 egg
♦ 2 ss kesam eller rømme (evt. eit ekstra egg)
♦ 200 g valgfri bacon – eg bruker mager bacon
♦ 1-2 never spinat, grovhakka
♦ 1 paprika, grovhakka
♦ 1/2 dl melk eller vatn
♦ salt og pepper
Slik gjer du:
Sett ovnen på 180 grader over og undervarme. Visp sammen egg, kesam, melk/vatn, paprika, spinat, salt og pepper. Legg 1 stk filetbacon i kvar muffinsform på muffinsbrettet, og hell eggeblandinga over. Steik eggemuffinsane midt i ovnen i 15-25 minutt, til eggeblandinga har satt seg. Nyt varme, lune eller kalde. Oppbevar i kjøleskap etter avkjøling.
Håååpe dei frister 😀
Annonse
6 Kommentarer
Hanne Andersen
26. januar 2022

Linda Stuhaug
26. januar 2022
Lise
24. januar 2022

Linda Stuhaug
24. januar 2022
Aud-Inger Gamlem
19. januar 2022

Linda Stuhaug
20. januar 2022
SKRIV EN KOMMENTAR