Annonse
22. februar 2024
Eltefrie, grove speltrundstykker med valnøtter
Heisann!
Dåkke som har fulgt med på instagram dei siste dagane fekk kanskje med seg at eg var i Oslo på tirsdag og lagde mat med @krisslovesfood. Han har ikkje heilt klart å få til å lage heimelaga rundstykker/brød, så derfor skulle eg vise han nettopp korleis har får til idiotsikre, eltefrie rundstykker!
Ingen elting, ingen knaing, ingen kjøkkenmaskin, ingen etterheving. Setter du deiga på kvelden kan du ha nystekte rundstykker på under 30 minutter på morgonen etter. Bankers!
Eg viste han en ny oppskrift - nemlig eltefrie, grove speltrundstykker med valnøtter - og dei blei SÅ gode! Her får dåkke den:
Du trenger, 10 stk:
• 250 g sikta speltmjøl
• 150 g sammalt speltmjøl
• 150 g havregryn/havremjøl
• 100 g grovhakka/grovknuste valnøtter
• 1 ts salt
• 1 ts tørrgjær
• 5,5 dl romtemperert vatn
Framgangsmåte:
Dag 1: Ha alle ingrediensane i en bakebolle og rør lett sammen med en slikkepott. Dekk til og la deiga stå på kjøkkenbenken i 10-15 timer.
Dag 2: Sett ovnen på 225 grader, over-undervarme. Form rundstykker med to store skeier (dyppa i vatn, så slippe deiga lettare). Dryss gjerne over litt havregryn, før du steiker midt i ovnen i 15-18 minutter, til rundstykka er gylne. Avkjøl på rist.
Så er det berre å nyte med salt eller søtt pålegg! Rundstykka holde seg saftige i noken dager, og kan fint frysast!
EKSTRATIPS! Plutselig ikkje tid å steike rundstykka likevell? Sett deigen i kjøleskapet! Det kan den fint stå ein dag eller to. Sett den gjerne litt i romtemperatur før steiking👌🏻
Prøv denne oppskrifta du og!
Annonse
16 Kommentarer
Sandra
25. februar 2024

Linda Stuhaug
26. februar 2024
Maren
25. februar 2024

Linda Stuhaug
26. februar 2024
Kari Olsen
11. desember 2024

Linda Stuhaug
13. desember 2024
Pia Blessing
25. februar 2024

Linda Stuhaug
26. februar 2024
Astrid Bekkemellem
24. februar 2024

Linda Stuhaug
24. februar 2024
Ingrid
17. april 2024

Linda Stuhaug
17. april 2024
Tonie
22. februar 2024

Linda Stuhaug
23. februar 2024
Tonie
23. februar 2024

Linda Stuhaug
24. februar 2024
SKRIV EN KOMMENTAR