Linda Stuhaug

3. februar 2017

Eltefrie rundstykker med havre og spelt

Eltefrie rundstykker med havre og spelt
Hei!
Det er en ting dere spørr meir og meir om, og det er oppskrifter på brød/boller/rundstykker – generelt noko å ha pålegget på som eg kaller kategorien min. Når eg først baker slikt, så liker eg at det går fort unna og bruker som regel bakepulver-metoden framfor å lage gjærdeig.
Men denne gangen har eg faktisk brukt gjær og laga eltefrie rundstykker. Det som er så greit med eltefrie rundstykker er at du rører sammen ingrediensene dagen i forveien med en liten mengde gjær, lar deiga heve på kjøkkenbenken natta over og dermed er det berre å steike rundstykkene som gjenstår. Det er fint når halve jobben er gjort i forveien, og nystekte rundstykker kan nytes etter kort tid 🙂
Denne oppskrifta og metoden har eg fått inspirasjon fra Trine på hennes oppskrift på eltefrie rundstykker, men eg har laga min egen vri. Mi oppskrift er med havre og spelt, pluss litt frø og kjerner som setter god smak.
Rundstykkene blei sprø heile veien rundt, med mjuk og saftig kjerne. Akkurat slik rundstykker smaker best etter mi meining!
Eltefrie rundstykker med havre og spelt, 12 stk 250 g fint speltmel 200 g havremel 50 g fiberfin (kan erstattes med havremel) 50 g solsikkekjerner 50 g sesamfrø 1 ts salt 1/2 ts tørrgjær 4,5 dl romtemperert vatn
Slik gjer du, dag 1: Bland sammen alle dei tørre ingrediensane i en bakebolle. Tilsett vatnet og rør deiga raskt sammen, den skal være klissette, men ikkje renne utover. Juster eventuelt med litt meir væske eller mel om nødvendig.
Dekk til bakebollen med plast og la deigen heve på kjøkkenbenken i 12-20 timer.
Dag 2: Sett muffinsbrettet inn i kald steikeovn og skru temperaturen på 225 grader, over-og undervarme. Når ovnen er varm tar du ut muffinsbrettet og strør litt mel i formen, deretter fordeler du deigen raskt i dei 12 muffinsfordjupningane.
Pensle overflata med vatn og strø over litt solsikkekjerner. Steik rundstykkene på rist midt i ovnen, 20-25 minutter, eller til dei er gylne og gjennomstekte. La dei avkjøle seg litt før servering.
Tips! Miks og triks med ulike nøtter, frø og kjerner etter smak og behag. Eg liker godt solsikkekjerner og sesamfrø, og brukte derfor det.
Rundstykkene kan du fint fryse. For å få tilbake den sprø skorpa anbefaler eg å tine dei i romtemperatur og deretter steike dei på 180 grader varmluft til dei er sprø.
Kva smaker vell bedre enn nystekte rundstykker med brunost og syltetøy? Dei passer like godt med salt som søtt pålegg, eller eventuelt som tilbehør til suppe eller salat.
Noko å lage til helgefrukosten kanskje? Rør sammen deiga fredag- eller lørdags ettermiddag, og lag rundstykker til heile familien på morgonkvisten!
Riktig god helg då, godtfolk 🙂

Hei!

Det er en ting dere spørr meir og meir om, og det er oppskrifter på brød/boller/rundstykker – generelt noko å ha pålegget på som eg kaller kategorien min. Når eg først baker slikt, så liker eg at det går fort unna og bruker som regel bakepulver-metoden framfor å lage gjærdeig.

Men denne gangen har eg faktisk brukt gjær og laga eltefrie rundstykker. Det som er så greit med eltefrie rundstykker er at du rører sammen ingrediensene dagen i forveien med en liten mengde gjær, lar deiga heve på kjøkkenbenken natta over og dermed er det berre å steike rundstykkene som gjenstår. Det er fint når halve jobben er gjort i forveien, og nystekte rundstykker kan nytes etter kort tid 🙂

Denne oppskrifta og metoden har eg fått inspirasjon fra Trine på hennes oppskrift på eltefrie rundstykker, men eg har laga min egen vri. Mi oppskrift er med havre og spelt, pluss litt frø og kjerner som setter god smak.

Rundstykkene blei sprø heile veien rundt, med mjuk og saftig kjerne. Akkurat slik rundstykker smaker best etter mi meining!

Eltefrie rundstykker med havre og spelt, 12 stk
250 g fint speltmel
200 g havremel
50 g fiberfin (kan erstattes med havremel)
50 g solsikkekjerner
50 g sesamfrø
1 ts salt
1/2 ts tørrgjær
4,5 dl romtemperert vatn

Slik gjer du, dag 1:
Bland sammen alle dei tørre ingrediensane i en bakebolle. Tilsett vatnet og rør deiga raskt sammen, den skal være klissette, men ikkje renne utover. Juster eventuelt med litt meir væske eller mel om nødvendig.

Dekk til bakebollen med plast og la deigen heve på kjøkkenbenken i 12-20 timer.

Dag 2:
Sett muffinsbrettet inn i kald steikeovn og skru temperaturen på 225 grader, over-og undervarme. Når ovnen er varm tar du ut muffinsbrettet og strør litt mel i formen, deretter fordeler du deigen raskt i dei 12 muffinsfordjupningane.

Pensle overflata med vatn og strø over litt solsikkekjerner. Steik rundstykkene på rist midt i ovnen, 20-25 minutter, eller til dei er gylne og gjennomstekte. La dei avkjøle seg litt før servering.

Tips!
Miks og triks med ulike nøtter, frø og kjerner etter smak og behag. Eg liker godt solsikkekjerner og sesamfrø, og brukte derfor det.

Rundstykkene kan du fint fryse. For å få tilbake den sprø skorpa anbefaler eg å tine dei i romtemperatur og deretter steike dei på 180 grader varmluft til dei er sprø.

Kva smaker vell bedre enn nystekte rundstykker med brunost og syltetøy? Dei passer like godt med salt som søtt pålegg, eller eventuelt som tilbehør til suppe eller salat.

Noko å lage til helgefrukosten kanskje?
Rør sammen deiga fredag- eller lørdags ettermiddag, og lag rundstykker til heile familien på morgonkvisten!

Riktig god helg då, godtfolk 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg