Annonse
20. mars 2020
Eltefritt langpannebrød med havre og spelt
Hei godtfolk!
Den eltefrie bakemetoden er og forblir ein favoritt hos meg. Det er så lettvint å berre røre sammen ingrediensane, la deiga heve på kjøkkenbenken og steike dagen etterpå. For første gang har eg prøvd meg på eltefritt LANGPANNEBRØD og det fungerte heilt ypperlig! Heilt perfekt å ha til frukost, i matpakken, som tilbehør til middagen eller å fryse ned.
Min variant er med havre og spelt – min favoritt kombinasjon. Men du må gjerne bruke kveitemjøl istedenfor speltmjøl, eller berre bruke oppskrifta som inspirasjon, og mikse og trikse med mjøltyper du liker og har tilgjengelig, med ca 50/50 fint og grovt mjøl 🙂 Det gjelder dei fleste mjøltyper utenom å lage langpannebrødet 100% glutenfritt. Då vil eg heller anbefale å bruke en tilpassa, glutenfri oppskrift for optimalt resultat.
Du trenger, 1 langpannebrød
400 g sikta speltmjøl (eller kveitemjøl)
150 g sammalt speltmjøl (eller kveitemjøl)
150 g havremjøl
100 g havregryn
100 g solsikkekjerner (eller andre frø/kjerner)
1 ts salt + 1 ts sukker + 1 ts tørrgjær
8 dl romtemperert vatn rett fra springen
Slik gjer du:
1. Rør sammen alle ingrediensane og dekk til bakebollen med lokk eller plast. La deiga heve på kjøkkenbenken i 12-2o timer.
2. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Ha ein del mjøl på kjøkkenbenken og skrap deiga ut av bollen. Kna inn litt og litt mjøl til deiga er metta.
3. Ha deiga over på ein langpanne med bakepapir. Klapp eller kjevle deiga flat og ut til alle kanter.
4. La deiga etterheve i 15-30 minutt med kjøkkenhandkle over. Rut deretter opp deiga med eit pizzahjul (gjerne i litt fleire ruter enn eg lagde. Bitane blei veldig store!).
5. Steik langpannebrødet midt i ovnen i ca. 30 minutt, eller til over og underflata er gyllent. Avkjøl på rist.
Enkelt, eller kva? 😀
Langpannebrødet blei luftig, saftig og skikkelig godt. Det passer like godt med både salt og søtt pålegg… eventuelt berre med litt smør eller kremost som tilbehør til middagen 🙂
Eg kan faktisk ikkje hugse sist eg lagde en gjærdeig som ikkje var eltefri. Med den eltefrie metoden blir baksten alltid saftig, luftig og vellykka etter min erfaring… så er det minimalt med innsats, det synes eg er litt ekstra digg 😉
Har du lyst å prøve?
Lag eltefritt langpannebrød til helga! Enten til litt ekstra god lunsj, eller til å fryse ned til seinare 🙂 Håper de har lyst å gi en tilbakemelding om de tester – det er alltid veldig hyggelig♥
Med det vil eg ønske dokke alle ei riktig god helg!
Annonse
45 Kommentarer
Rannveig
28. juli 2020

Linda Stuhaug
29. juli 2020
Solfrid Mellegaard
5. juli 2020

Linda Stuhaug
6. juli 2020
Frida
22. april 2021

Linda Stuhaug
23. april 2021
Mona
11. april 2021

Linda Stuhaug
11. april 2021
Hanne
9. april 2021

Linda Stuhaug
11. april 2021
Ulla
30. januar 2021

Linda Stuhaug
31. januar 2021
Marielle
29. mars 2022

Linda Stuhaug
29. mars 2022
Ingrid R Thelin
25. mai 2020

Linda Stuhaug
25. mai 2020
Pia
11. mai 2020

Linda Stuhaug
12. mai 2020
Lill Hege
6. mai 2020

Linda Stuhaug
7. mai 2020
Sølvi
21. april 2020

Linda Stuhaug
22. april 2020
Vibeke
2. april 2020

Linda Stuhaug
2. april 2020
Therese
3. september 2022

Linda Stuhaug
4. september 2022
Mette
26. mars 2020

Linda Stuhaug
26. mars 2020
Elisabeth
24. mars 2020

Linda Stuhaug
24. mars 2020
Synnøve
22. mars 2020

Linda Stuhaug
23. mars 2020
Celin
21. mars 2020

Linda Stuhaug
23. mars 2020
Sandra
20. mars 2020

Linda Stuhaug
23. mars 2020
Anja
20. mars 2020

Linda Stuhaug
20. mars 2020
Isabelle
22. desember 2020

Linda Stuhaug
23. desember 2020
Svanhild
16. oktober 2020

Linda Stuhaug
17. oktober 2020
Marielle
29. mars 2022
Ida
14. januar 2024

Linda Stuhaug
15. januar 2024
SKRIV EN KOMMENTAR