Annonse
4. mars 2024
Eltefritt, saftig brød - 100% grovt!
Billig - eltefritt - 100% grovt - enkelt - smakfullt - saftig - godt😍 Det oppsummerer greit den oppskrifta her! Det blir kun 16-17 kroner ingredienser, og eg bruker kun ein type mjøl.
Eg har nemlig fått utallige mange spørsmål om eg kan lage eit eltefritt grovbrød med KUN grovt mjøl, og det er absolutt mulig! Blir kanskje Ikkje like luftig som brød med en del kveitemjøl, men likevell luftig nok, og Ikkje minst saftig og godt💛
TIPS! Du kan sjølvsagt tilsette litt frø og kjerner dersom du ønsker det. Juster eventuelt med 0,5-1 dl ekstra vatn om nødvendig, det vil variere etter kor mykje du bruker.
Du trenger, 2 brød:
• 1 kg sammalt kveitemjøl, finmalt (viktig at det er den finmalte varianten. Du kan også bruke spelt om du ønsker speltbrød!)
• 2 ts salt
• 1 ts tørrgjær
• 1,1 liter romtemperert vatn
Slik gjer du:
Ha ingrediensane i en bolle og rør deiga klumpfri med en slikkepott. Hell over i to brødformer (mine er 1,5 liter). Hugs å smøre formene eller bruk bakepapir om du Ikkje har smørefrie.
Sett på kjøkkenbenken i 12-15 timer. Viktig at brøda får stå lenge nok, du ser at dei er steikeklare ved at dei har heva og bobler godt på overflata. Du kan redusere hevetida med å bruke litt varmare vatn, eller la dei stå lengre ved å bruke iskaldt vatn.
Steik midt i ovnen på 220 grader, over-undervarme i 35-40 minutt. Brøda er ferdige når dei har en kjernetemperatur på ca 96 grader, eller har en hul lyd når du banker på undersida.
Avkjøl på rist og nyt med det pålegget du ønsker!
Annonse
22 Kommentarer
May
3. april 2024

Linda Stuhaug
4. april 2024
gina
2. april 2025

Linda Stuhaug
4. april 2025
Mona
7. mars 2024

Linda Stuhaug
8. mars 2024
Anita-Irene
6. mars 2025

Linda Stuhaug
7. mars 2025
Grete
12. mars 2024

Linda Stuhaug
12. mars 2024
Grete
13. mars 2024

Linda Stuhaug
14. mars 2024
Malene
27. oktober 2024

Linda Stuhaug
27. oktober 2024
Mette
8. februar 2025

Linda Stuhaug
9. februar 2025
Hilde
12. mars 2024

Linda Stuhaug
12. mars 2024
Hilde
12. mars 2024

Linda Stuhaug
12. mars 2024
Hildegunn
27. februar 2025

Linda Stuhaug
28. februar 2025
SKRIV EN KOMMENTAR