Annonse
21. august 2019
Eltefritt speltbrød med havre og rista solsikkekjerner
Hei godtfolk!
Dei få gangane eg svinger meg rundt på kjøkkenet for å bake gjærbakst akà brød, så foretrekker eg definitivt å lage eltefritt brød. Då rører eg raskt saman ingrediensane, og lar deigen heve på benken i 12-20 timer. Deretter knar eg opp deiga med mjøl, lar deiga etterheve og steiker i ei støypejernsgryte. Brødet blir alltid luftig, saftig og får sprø skorpe heile vegen rundt.
Du berre timer når du setter deiga ut fra kortid du vil ha nystekt brød. Kanskje det er til lørdagsfrukosten? Suppemiddagen? Søndagsbrunsjen? Kveldsmaten?
Du trenger, 1 brød
400 g fint speltmjøl (eller kveitemjøl)
+ litt ekstra mjøl til utbaking
200 g havremjøl
50 g linfrø
50 g rista solsikkekjernar
1 ts salt
1 ss flytande honning
1⁄2 ts tørrgjær
5 dl romtemperert vatn
Slik gjer du
Dag 1: Bland saman tørrvarene. Tilsett honning og vatn og rør saman til ein klissete deig. Dekk til deigen og la den heve på kjøkkenbenken i 12–20 timar.
Dag 2: Stø litt mjøl på kjøkkenbenken. Hell over deiga og kna inn sikta speltmjøl eller kveitemjøl til deiga er metta og held på forma. La brødet etterheve i 1,5-2 timar.
Når det er 30 minutt igjen av hevetida: Sett ei støpejernsgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader over- og undervarme. Etter 30 minutt tar du gryta ut av ovnen. Pass på, den er glovarm!
Lemp deiga ned i gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, fortsatt på 250 grader, i 30 minutt. Skru ovnen ned til 200 grader og ta lokket av gryta. Brødet skal no steike i ytterlegare 10–15 minutt. Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist.
Oppbevar brødet i kjøkkenhandkle, papirpose eller brødboks for å bevare den sprø skorpa.
Tips og alternativer!
→ Du må gjerne bruke oppskrifta som utgangspunkt, men mikse og trikse med ulike tørrvarer som du ønsker. Ønsker du litt grovare brød? Bruk mindre speltmjøl, og meir havremjøl.
→ Linfrø og solsikkekjerner kan også byttast med andre typer nøtter/frø/kjerner.
Som du sikkert forstår; dette er en grunnoppskrift du kan ta utgangspunkt i og variere som du ønsker!
Brødet kan du nyte til alle måltider, med eller uten pålegg. Kva med å lage en skikkelig digg sandwich til frukost eller matpakken?
Ei stor brødskive med;
→ Pesto
→ Ruccola
→ Brie
→ Spekeskinke
→ Paprika
Ei ny brødskive smurt med pesto over, skjær på tvers, og du har et skikkelig digg måltid!
Ingen elting, minimalt med innsats. Håper du har lyst å prøve dette brødet!
(egenreklame) Bildene i innlegget er tatt av superfotograf Jon Marius Nilsson, og det betyr at oppskrifta er henta fra boka mi OPPTUR MED SUNN MAT;
Har du lyst å kjøpe denne så kan du gjere det HER :-) Ei samling av 80 oppskrifter på både frukost, matpakker, middag og sukkerfri søtsaker, i tillegg til mange tips & triks til korleis du kan leve sunnare, lykkast med kostholdsendring m.m! Mitt hjertebarn♥
Annonse
20 Kommentarer
Anne
6. mai 2021

Linda Stuhaug
7. mai 2021
Anne
20. mai 2021

Linda Stuhaug
23. mai 2021
Tonje
22. august 2019

Linda Stuhaug
23. august 2019
Aina idland
22. august 2019

Linda Stuhaug
22. august 2019
Gunn M
22. august 2019

Linda Stuhaug
22. august 2019
Gina
21. august 2019

Linda Stuhaug
22. august 2019
Sissel Kristin Antonakis
6. september 2021

Linda Stuhaug
6. september 2021
Siw Marie
11. januar 2020

Linda Stuhaug
11. januar 2020
Liv haugsand
19. oktober 2019

Linda Stuhaug
20. oktober 2019
Marianne
10. november 2020

Linda Stuhaug
11. november 2020
SKRIV EN KOMMENTAR