Annonse
9. januar 2019
Enkle omelettmuffins
God onsdag!
Kvardagen er godt i gang igjen, og med det har eg eit supert matpakketips til dokke idag: OMELETTMUFFINS♥ Dette er rett og slett omelett i muffinsformer som du kan lage ulike smaker og varianter på. Du mikser sammen ingredienser, har alt i muffinsformer og steiker i ovnen – så har du frukost, lunsj, matpakke, turmat eller lettvint middag i kjøleskapet! Dei holder seg fint i fleire dager, og nettopp derfor er dei fine å lage opp ein kveld, og ha i matpakken resten av veka 🙂
Foto: Jon Marius Nilsson
Omelettmuffinsane er supre å variere etter kva ein liker og har tilgjengelig 🙂 Bruk gjerne andre typer kjøtt, grønnsaker og/eller urter etter smak og behag. Ingredienslista mi er kun ein av mange muligheter! Kva med blomkål istedenfor brokkoli? Rester etter laksemiddagen istedenfor spekeskinke/skinke? Ein vegetarvariant med potetbiter og fetaost istedenfor kjøtt? Kun fantasien setter grenser!
Foto: Jon Marius Nilsson
Du treng, 8-10 stk
♦ 6 store egg (evt. 8 små)
♦ 2 ss kesam (evt. eit ekstra egg)
♦ 100 g spekeskinke eller skinke
♦ 1 neve spinat
♦ 1⁄2 paprika
♦ 1⁄3 brokkoli
♦ 1⁄2 dl melk eller vatn
♦ salt og pepper
♦ olje/smør
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 175 grader over og undervarme. Smør silikon former med litt olje eller smør.
2. Visp egg, kesam, væske og hakka spinat i ein bolle. Fordel bitar av speke skinke, brokkoli i bukettar og grovhakka paprika i silikonformene, spar litt til pynt. Hell over eggeblandinga og topp med resten av spekeskinka, brokkoli og paprika.
3. Steik eggemuffinsane midt i ovnen i 20–25 minutt, eller til eggeblandinga er fast. Avkjøl og oppbevar i kjøleskap.
Foto: Jon Marius Nilsson
Det er ikkje første gang eg deler oppskrift på omelettmuffins, eller eggemuffins som eg har døypt dei tidligare i 2014. Superpopulær oppskrift som har blitt en suksess i mange heimer – for både store og små 😀
Dei har til og med fått en hedersplass i boka mi, også døypt som eggemuffins♥
Og med det skyter eg inn litt #EGENREKLAME! Opptur med sunn mat fyller 1 år no i januar, og dette er boka for deg som ønsker inspirasjon til sunne, enkle og varierte oppskrifter til dagens måltid. Her finn du nemlig 80 spennande oppskrifter på både frukost, matpakker, middagar og sukkerfrie alternativ til det søte 🙂
I tillegg kan du bruke boka som eit verktøy for å komme i gang med kosthaldsendringar. Eg deler mine beste tips for eit sunnare matvalg, gir konkrete anbefalingar og motivasjonstriks som er enkle å følge. Perfekt for deg som treng ein dytt i riktig retning, eller som ønsker å holde på dei gode vanane.
Boka mi kan du bestille frå Frisk Forlag sine heimesider HER. Ingen ekstra kostnad med frakt 🙂 Boka finnes også i dei fleste bokhandlere (spørr etter den! ALLE har mulighet til å ta den inn).
Foto: Jon Marius Nilsson
Velbekomme – håper omelettmuffins kan friste!
Nyt onsdagen 🙂
Annonse
10 Kommentarer
Ina
9. januar 2019

Linda Stuhaug
9. januar 2019
Elise
9. januar 2019

Linda Stuhaug
9. januar 2019
Ingeborg Gabrielsen
9. oktober 2019

Linda Stuhaug
10. oktober 2019
Iris Andrine
11. august 2019

Linda Stuhaug
12. august 2019
Renate
10. februar 2020

Linda Stuhaug
11. februar 2020
SKRIV EN KOMMENTAR