Annonse
14. januar 2020
Fiskeboller i kvit saus
God tirsdag!
Idag vil eg dele ein middagsoppskrift med dokke som vertfall tar meg tilbake til barndommen. Vi er vell fleire som er vokse opp med fiskeboller i kvit saus, vell?! Servert med kokte poteter, grønnsaker og eit dryss karri på toppen er dette skikkelig norsk husmannskost aka tradisjonsmat på sitt aller beste!
Dette er ein typisk middag som kanskje blir litt gløymt vekk, slik var det vertfall for min del. Etter eg flytta heimefrå og begynte å lage egne middager, så var det ikkje akkurat fiskeboller i kvit saus som blei laga. Ikkje fordi det er tungvint eller vanskelig, men fordi det blei gløymt. Dei to siste åra har denne middagen derimot blitt laga mange ganger i litt ulike varianter (med fiskekaker istedenfor fiskeboller, med karrisaus istedenfor kvit saus osv). Uten tvil ein av dei bedre kvardagsmiddagane eg lager, nam!
Så, fiskeboller i kvit saus fortjener eit eget blogginnlegg♥ Kanskje det er fleire som har gløymt vekk denne middagen litt? Kanskje den vekker barndomsminner? Kanskje det er ein gammal favoritt? Det er vertfall superenkelt å lage, og ein middag som fortjener å komme på middagsbordet til fleire 🙂
Du trenger, 2 personer
ca. 350 g fiskeboller i lake
4-6 poteter
4 gulerøtter
2-4 skiver kålrot
2 gode ss speltmjøl eller kveitemjøl
2 ss smør
2 dl kraft/laks fra fiskebollane (eller meir melk)
2 dl melk
salt, pepper og malt muskat
Slik gjer du:
1. Sett på kok potetene. Skrell og del gulrot & kålrot i passelige biter og sett også desse på kok.
2. Smelt smør i ein kjele på svak varme. Tilsett mjøl og rør godt. Tilsett kraft fra fiskebollane og melk. Kok opp under omrøring og la sausen småkoke i 5 minutt. Smak til med salt, pepper og malt muskat. Juster eventuelt med litt ekstra væske om sausen er veldig tjukk.
3. Tilsett fiskebollane i sausen. Desse treng ikkje koke, kun bli gjennomvarme.
4. Hugs å passe på poteter og grønnsakene, og hell av kokevatnet når det er mørt/har passelig konsistens.
Server straks – gjerne med eit dryss grovhakka kruspersille og karrikrydder♥
Fiskeboller
Som de kan sjå har eg brukt kjøpte, ferdige fiskeboller her. Eg kjøper alltid den typen med mest fisk (minst 65%) og det er absolutt eit sunt, godt og lettvint alternativ 🙂 Les bakpå pakken finn det merket med mest mulig fisk i din butikk! Eg kan for eksempel anbefale Lofoten hjemmelagde fiskeboller. En pakke på 350 g er super til 2 voksne personer, vertfall her i hus 🙂
Det er også veldig enkelt å lage heimelaga fiskeboller. Det har eg laga mange ganger opp gjennom åra, skrik ut om de ønsker oppskrift på det. Det går også fint an å bruke kjøpte/heimelaga fiskekaker, det bruker vi ofte istedenfor fiskeboller, og serverer på akkurat samme måten:
Så, fortell meg:
Er dette ein middag du er vokse opp med? Korleis har du fått det servert? Eller kanskje du aldri har høyrt om det…? Eg vil gjerne høyre frå DEG, for her trur eg det er mange ulike historier 😀 Del i kommentarfeltet♥
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR