Annonse
27. juni 2018
Forfriskande rabarbra- og jordbærsaft uten sukker
… det gjelder å dele oppskriftene medan råvarene er i sesong!
Rabarbraen burde plukkast opp frå jorda rundt desse tider. Rabarbrastilker kan du fint oppbevare i kjøleskapet i vertfall 2 veker (eg har latt rabarbraen stå så lenge, det har gått heilt fint!) eller eventuelt fryse ned. Sida eg har laga en ny variant av rabarbrasaft i år, så er det på høg tid å dele denne oppskrifta – slik at fleire kan lage den medan man har rabarbra – om det er ønskelig sjølvsagt.
Forfriskande rabarbra- og jordbærsaft uten tilsatt sukker♥ Nydelig på smak – syrlig, men samtidig søt. Og dette kan man justere sjølv etter smak og behag 🙂
Du trenger:
Ca. 500 g rabrabra i biter
Ca. 500 g norske jordbær
4 dl vatn
2 vaniljestenger
1 sitron
valgfri søtning etter smak: eg brukte 100 g sukrin gold og 50 g sukrin+ (les tips*).
Slik gjer du:
Vask og del rabarbra og jordbær i mindre biter. Skrell sitron og del i to. Ha alt i en kjele med vatn. Del vaniljestengene på tvers og skrap ut frøa, og ha både stengene og frø i samme kjelen saman med valgfri søtning.
Kok opp og det småkoke i ca. 15-20 minutt. Trekk kjelen til side og la blandinga stå å trekke ut mest mulig smak før du siler av. Eg kokte opp safta om kvelden, og lot kjelen stå i kjøleskapet natta over.
Sil av og oppbevar den ferdige safta i kjøleskap. Bland med valgfri mengde vatn og nyt!
Eg fikk ca. 7 dl ublanda saft av denne oppskrifta. Den oppbevarer eg i ei glassflaske i kjøleskapet. Eg blanda ca. 1 dl saft med 4-5 dl vatn, men dette er smak og behag – så prøv deg fram!
Når det gjelder søtning så er det viktig å smake seg fram.
Mi saft blei frisk, syrlig og litt søt når eg brukte søtning tilsvarande 200 g sukker. Eg ville ikkje ha ei saft som var for søt, men det veit eg at dei fleste lika best.
Begynn gjerne med 150-200 g valgfri søtning når du koker safta. Her kan du smake deg litt fram også. Når safta er silt av og du blander den med vatn, så er den kanskje litt sur. Då er det ingenting i veien for å koke opp den avsilte safta og justere med meir søtning om det er nødvendig 🙂
Som valgfri søtning kan du bruke det du har tilgjengelig og foretrekker. Eg lika godt kombinasjonen mellom sukrin gold og sukrin+, og brukte derfor det.
Kanskje det blir rabarbra- og jordbærsaft på fleire?
Eg håpa det frista 🙂
Annonse
8 Kommentarer
Gunn-Torill Homme Mathisen
7. juli 2021

Linda Stuhaug
8. juli 2021
Ingrid
8. april 2020

Linda Stuhaug
9. april 2020
Bianca
14. juli 2018

Linda Stuhaug
15. juli 2018
Synnøve
27. juni 2018

Linda Stuhaug
28. juni 2018
SKRIV EN KOMMENTAR