Annonse
10. november 2020
Grov middagspai med ost & skinke
God tirsdag!
No er det ikkje så lenge sida eg delte innlegget « Mi beste oppskrift på sunnare og grov paibunn!» som eg fekk veldig mykje god respons på 🙂 Det har blitt laga mange gode middagspaier i heimane dåkkas dei siste vekene, og det har det hos meg også! Eg blei frista av mitt eget blogginnlegg samme dag som publisering og lagde derfor ein grov middagspai med ost & skinke til middag:
Ein veldig enkel, god og familievennlig variant av middagspaien – ost & skinke er jo ein klassikar hos dei yngre 🙂
Grov paibunn
♦ 75 g smør, romtemperert
♦ 75 g original kesam (evt. rømme eller creme fraiche)
♦ 1,5 dl sikta speltmjøl eller kveitemjøl (evt. glutenfritt mjøl)
♦ 1,5 dl havremjøl
♦ 1/2 ts salt
Slik gjer du:
→ Ha alle ingrediensane i ein bolle, kna sammen til en jevn paideig med hendene.
→ Kjevle deiga ut deiga på kjøkkenbenken med litt mjøl. Snu paideigen og ha over litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken så den ikkje setter seg fast.
→ Ha den kjevla deiga over i ein paiform (28cm). Trykk deiga jamnt ned i forma og oppover kantane. Skjær vekk det som henger over kanten (PS! Dette kaster man sjølvsagt ikkje. Eg legger det tilbake i paiformen, gjerne opp etter kantane).
→ Prikk deiga med ein gaffel og forsteik på 180 grader, over-undervarme i 15 minutt.
Skinkefyll
300-400 g skinke
1 liten purreløk
1 spisspaprika
6 store eller 8 små egg
1 dl valgfri melk eller fløyte
1/2-1 ts salt og 1/2 ts pepper
raspa ost
Slik gjer du:
→ Fyll den forstekte bunnen med purreløk, skinke og spisspaprika. Visp sammen egg, melk/fløyte, salt og pepper, og hell eggeblandinga i. Avslutt med litt raspa ost på toppen.
→ Sett inn igjen i ovnen og stei i ca. 30 minutt, eller til eggeblandinga har satt seg.
Så er det berre å servere! Vi har alltid ein frisk salat som tilbehør, gjerne med litt fetaost og ein god dressing til også 🙂
TIPS!
Paibunnen kan du lage klar dagen i forveien og oppbevare i kjøleskapet om du ønsker det! Du kan også lage den på forhånd og ha i frysaren 🙂 Visst paibunnen er klar er resten fort gjort; då er det berre å kutte ingrediensane og fylle i bunnen mens ovnen varmer seg opp. Visst du vil gjere det enda enklare til middagstid kan du kutte alle ingrediensane på forhånd, vispe sammen eggeblandinga og raspe osten – så er det berre å ha dette i paibunnen og sette den i ovnen.
Og har du rester igjen – så er middagspaien like god kald i matpakken dagen etterpå! Restemiddag er heller ingen dum idè 🙂
Håper det ser fristande ut, og at dåkke alle får en bra tirsdag♥
Annonse
18 Kommentarer
Ida
18. april 2021

Linda Stuhaug
18. april 2021
Merete
19. november 2020

Linda Stuhaug
20. november 2020
Merete
20. november 2020

Linda Stuhaug
21. november 2020
Dina Svege
13. november 2020

Linda Stuhaug
15. november 2020
Marit
12. november 2020

Linda Stuhaug
12. november 2020
Lene
12. november 2020

Linda Stuhaug
12. november 2020
Lene
12. november 2020

Linda Stuhaug
13. november 2020
Marthe
11. november 2020

Linda Stuhaug
11. november 2020
Monique
11. januar 2024

Linda Stuhaug
14. januar 2024
SKRIV EN KOMMENTAR