Annonse
6. februar 2018
Grove, enkle frukostmuffins med blåbær
God tirsdag alle sammen!
Idag har eg en ny oppskrift på naturlig søte, proteinrike og grove havremuffins aka frukostmuffins til dokke. Dei passer like godt til matpakken som turmat eller kveldsmat også – og du kan gjerne lage fleire ulike smaksvarianter av samme deiga når du først er i gang! Desse er både raske og enkle å lage, og holder seg ferske i fleire dager – så perfekt å lage opp og ha i fleire dager.
Første varianten eg posta var grunnoppskrift med ferske bringebær og banan – Grove, enkle frukostmuffins – som du finner oppskrift på HER;
Grunnoppskrift på frukostmuffins, 12 stk
1 moden banan
200 g kesam eller cottage cheese, evt. kokoskrem for melkefri variant
2 egg
1 ts bakepulver
1 ts kanel
1 ss honning
100 g havregryn
100 g havremel
Valgfri ekstraingredienser i deiga/i muffinsane/på toppen – denne gangen har eg brukt ca. 150 g frosne blåbær, rørt saman med 2 ss flytande honning som eg fordelte i midten av muffinsane (altså mellom to klatter med røre). Deretter hadde eg litt ekstra blåbær + hakka valnøtter på toppen.
Slik gjer du:
Mos banana klumpfri med en gaffel. Rør sammen med kesam, egg, bakepulver, kanel og honning. Visst du bruker cottage cheese istedenfor kesam anbefaler eg å mose blandinga klumpfri med en stavmiksar.
Vend inn havregryn og havremel, bland godt. Tilsett eventuelt ekstraingredienser i røra om du ønsker det.
Fordel deiga i 12 muffinsformer, helst muffinsbrett som du smører lett med olje/smør om nødvendig. Fordel valgfri ekstraingredienser i midten/toppen av muffinsane.
Steik på 180 grader, over-undervarme i 15-25 minutt, eller til dei er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.
Tips og alternativer
For 100% glutenfri havremuffins, bruk glutenfri havregryn og glutenfritt havrmjøl. Du kan fint male havregryn til havremjøl i en blendar.
Det som er heilt topp med desse muffinsane er at du kan variere dei etter smak og behag. Bruk frukt, bær, nøtter, frø eller ulike smakstilsetningar i grunnoppskrifta og lag din egen variant!
Muffinsane er like gode kalde som varme, og kan pppbevarast i kjøleskapet i 3-4 dager. Kan også fint frysast 🙂
Nyt sunne, gode og enkle muffins med den beste samvittighet! Og nei, det er ikkje meininga at det skal vere luftige og sukkersøte blåbærmuffins, desse er meininga skal vere så næringsrike og mektige at du kan ete dei som eit fullverdig måltid.
Lag din egen variant og del den gjerne!
Håper det frister 🙂
Annonse
14 Kommentarer
Mari
24. februar 2019
Linda Stuhaug
24. februar 2019
Karoline Herleiksplass
16. august 2019
Linda Stuhaug
17. august 2019
elisabeth
14. august 2019
Linda Stuhaug
14. august 2019
Hilde
4. august 2019
Linda Stuhaug
5. august 2019
Hilde
7. august 2019
Linda Stuhaug
8. august 2019
Elisabeth
18. mars 2018
Linda Stuhaug
19. mars 2018
Mari
25. april 2020
Linda Stuhaug
26. april 2020
SKRIV EN KOMMENTAR