Annonse
22. oktober 2018
Grove horn med pesto, soltørka tomat og ost
God mandag!
Mandag er alltid kjøttfri her på bloggen. Enten det er middag, frukost, turmat eller noko søtt – så er kriteriet mitt at det skal vere vegetarisk 🙂 Idag er ingen unntak og denne oppskrifta passer egentlig til det meste: fylte, grove pizzahorn med pesto, soltørka tomat og ost. Høyres det ikkje godt ut? Desse er fulle av smak og absolutt knallgode!
Horna kan du ete som kvardagsmiddag, helgemiddag, turmat, ha med i matpakke eller nyte som en luksus kveldsmat. Et som en egen rett, eller bruk som tilbehør til suppe og salat 🙂
Du treng, 16 stk (store)*
100 g smør
6 dl melk
1,5 pk tørrgjær
1 ts salt
2 ts sukker/honning
350 g havremjøl
400-450 g sikta speltmjøl/kveitemjøl
Fyll:
Pesto
Soltørka tomat
Skiva ost
Gjerne litt pizzakrydder
(PS! Deiga er veldig enkel å jobbe med!!!)
Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.
2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl til en glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, så gjer du det. La deiga elte i 5-10 minutt. Sett deiga til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time.
3. Del deiga i to og kjevle ut til to runde leiver. Bruk litt mjøl på benken og snu gjerne deiga underveis, så du er sikker på den ikkje henger fast i benken.
4. Bruk en pizzaskjærer og del opp i åtte trekanter. Smør på pesto, ha over biter av soltørka tomat og ost i midten av trekanten. Topp gjerne med litt ekstra krydder (eg hadde litt oregano og dolly dimples pizzakrydder). Start å rulle kvar trekant fra den breiaste delen først.
5. Legg pizzahorna på eit steikebrett med bakepapir. Du treng to steikebrett til denne oppskrifta (eit brett pr. runde leive med 8 stk). Sett ovnen på 200 grader. La horna etterheve i ca. 30 minutt med eit kjøkkenhandkle over.
6. Pensle pizzahorna med egg (evt. melk/vatn) og dryss gjerne over litt valmuefrø/havregryn. Steik midt i ovnen i 15-20 minutt, eller til pizzahorna er gylne. Avkjøl på rist.
Tips og alternativer*
♦ Du kan bytte ut havremjøl med sammalt speltmjøl/kveitemjøl eller anna grov mjøltype.
♦ Bruk sjølvsagt det fyllet du ønsker! Kanskje du foretrekker pizzasaus eller kremost framfor pesto? Vil bytte ut soltørka tomat med fetaost eller grønnsaker? Lag din egen vri!
♦ Horna er heilt supre å fryse. Varm opp i steikeovnen eller mikrobølgeovnen, og dei smaker som nystekt 🙂
Håper fleire vil prøve seg♥ Å ete ein vegetarisk middag i veka er noko absolutt alle kan få til, og det treng på ingen måte å gå ut over smaken 🙂
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.
Annonse
18 Kommentarer
Anne
20. september 2020

Linda Stuhaug
21. september 2020
Kari
23. oktober 2018

Linda Stuhaug
24. oktober 2018
Camilla
23. oktober 2018

Linda Stuhaug
23. oktober 2018
Malene
22. oktober 2018

Linda Stuhaug
23. oktober 2018
Madelen
22. oktober 2018

Linda Stuhaug
22. oktober 2018
Madelen
22. oktober 2018

Linda Stuhaug
23. oktober 2018
Ine
22. oktober 2018

Linda Stuhaug
22. oktober 2018
Erna
22. oktober 2018

Linda Stuhaug
22. oktober 2018
Anniken
24. mars 2022

Linda Stuhaug
24. mars 2022
SKRIV EN KOMMENTAR