Annonse
4. januar 2022
Knallgod potetgrateng med pølse
God tirsdag alle sammen!
Idag er det restemiddag/matreddermiddag på menyen her på bloggen, og det blei en sabla god en skal eg fortelle deg 🙂 Eg lurer egentlig på kvifor eg ikkje har tenkt på potetgrateng med pølse før, for det var berre supergodt – garantert noke eg skal lage igjen snart:
Ser godt ut, ikkje sant? Til sjølve potetgratengen trenger du kun potet, valgfri pølse, ost og krydder. Eg anbefaler såklart en pølse med høgt kjøttinnhold, eg brukte chorizopølse med 81% kjøtt, og den var knallgod her. Ellers kan du bruke dei pølsene du vil, eventuelt bytte ut pølse med anna type kjøtt/fisk/kylling/vegetarprodukt 🙂
Som tilbehør lagde eg ein tilbehørsalat av salatmix, mango og druer – men her bruker du sjølvsagt akkurat dei salatingrediensane du har heime! En perfekt måte å bruke opp diverse i kjøleskapet på♥
Eg brukte (middag til ca. 3 personer)
♦ 10 mellomstore poteter
♦ 250 g chorizopølse
♦ Raspa ost
♦ Paprikakrydder, chilikrydder og pepper + litt olje
–
♦ 1 pose salatmix
♦ 1 moden mango
♦1/2 boks lilla druer
Framgangsmåte:
Del potetene i biter, ha i en ildfast form og bland inn krydder + litt olje. Steik på 220 grader, over-undervarme i ca 30 minutt, til potetene er møre.
Fordel over pølse i biter og avslutt med raspa ost. Sett tilbake i ovnen til osten til godt smelta og gyllen, ca. 15 minutt.
I mellomtida lager du klar salaten, og når potetgratengen er ferdig, er det berre å servere 🙂 Vi brukte også opp siste rest av eit glass fetaost og ein rømmeboks som tilbehør til middagen!
Ein nydelig restemiddag/matreddermiddag som absolutt kjem til å bli ein favoritt framover, og som eg skal lage i fleire varianter – for det var skikkelig godt!
Håpe fleire har lyst til å prøve seg 😀
Annonse
10 Kommentarer
Gerd Mona Larsen
10. januar 2022

Linda Stuhaug
11. januar 2022
Idjuv
4. januar 2022

Linda Stuhaug
5. januar 2022
Eirin
4. januar 2022

Linda Stuhaug
5. januar 2022
Linda
4. januar 2022

Linda Stuhaug
5. januar 2022
Cathrine
24. juli 2024

Linda Stuhaug
24. juli 2024
SKRIV EN KOMMENTAR