Annonse
7. juli 2020
Knallgode, enkle vårruller
No er det på høg tid at eg deler oppskrift på desse vårrrullane!
Eg hugser fortsatt dagen eg og mamsen stod på kjøkkenet å lagde desse vårrullane, for det var nemlig 12.mars når Norges land vart stengt ned på bakgrunn av koronavirus-pandemien. Eg stod midt i foto av desse vårrullane når nyhetene på tv-en rulla og vi fekk beskjeden som skulle snu opp-ned på kvardagen den neste tida. Det er over 3 måneder sidan no, tida flyr – og vårrullane er no klare for bloggen 🙂
Heimelaga vårruller er utrulig enkelt, og det smaker skikkelig godt. Eg har brukt en fast oppskrift i årevis og tok også utgangspunkt i den når vi lagde desse. Fantastisk gode!
Det eg virkelig må anbefale når ein først er i gang med å lage vårruller, er å lage en stooor porsjon. Vi lagde faktisk 5 (!) kilo fyll til desse vårrullane. Fyllet kan nemlig frysast ned, eller så kan du lage heilt klare vårruller som du legger i ein boks i frysaren. Då er det berre å tine og steike – så er vårrullane klare til middag 🙂 Lettvint å ha i frysaren for hektiske dager!
Det vil sei at oppskrifta nedafor blei mangedobla, men dette justerer du etter kor mykje du sjølv vil lage:
Vårruller, 20 stk +/-
400 g karbonadedeig
Glassnudler (valgfri mengde, juster etter ønske)*
1 løk, grovhakka
2 fedd kvitløk, finhakka
2-3 gulerøtter, raspa
100-150 g kål, finhakka
0,3-0,5 dl soyasaus
2-3 ss fish sauce
salt og pepper
vårrull-papir/ark (eg bruker merket Tyj Spring Roll Pastry, kjøpt på internasjonal butikk i frysedisken)
rapsolje til steiking
Slik gjer du:
1. Følg bruksanvisning på pakken på korleis nudlane skal tilberedast. Min låg i varmt vatn i ca. 15 minutt til dei blei mjuke.
2. Steik karbonadedeig og sett til side. Steik deretter løk og kvitløk til den er blank. Bland så sammen karbonadedeig, alle grønnsaker, glassnudler (desse må klippast opp i mindre biter).
3. Tilsett soyasaus, fish sauce, salt og pepper og bland godt. Her er det viktig at du smaker til blandinga med desse fire ingrediensane. Bruk gjerne andre smakstilsetninge etter smak og behag.
4. Deretter er det berre å lage vårruller. Legg vårrull-papiret med spissen mot deg, fordel litt av fyllet som ei avlang pølse nærmare deg enn midten av arket. Brett over spissen du har mot deg, press fyllet på plass, brett inn sidekantane og rull.
5. Vårrullane kan du steike gylne og sprø i ei steikepanne med rapsolje. Du kan også pensle vårrullane med olje og steike dei i ovnen. Eg pleier å bruke 180 grader varmluft, og steike til dei er gylne og sprø.
Tips og alternativ*
→ Glassnudler og vårrull-papir er dei einaste ingrediensane her ein ikkje finner i alle dagligvarebutikker. Dette får du på nokon butikker med godt utvalg, visst ikkje er det å finne på asiatiske butikker/internasjonale butikker. Glassnudler er glutenfritt, men ikkje vårrull-papir. Mulig det går an å få tak i glutenfri vårrull-papir, men det veit eg ikkje sikkert.
→ Mengde glassnudler justerer du etter ønske. Nokon liker mykje nudler, andre liker lite nudler Personlig liker er best at det ikkje er for mykje.
→ Ellers må du på ingrne måte følge oppskrifta slavisk. Eg synes det er godt med løk, kvitløk, gulrot og kål i vårruller – men er det noko du ikkje liker, tåler eller har tilgjengelig, så dropper du det eller bytter det med noko anna.
→ Vårrullane er forresten fine å fryse når dei er ustekte. Fyll vårruller, legg dei i ein matboks og frys ned. Så er det berre å ta opp vårrullane, tine og steike, så middagen er klar. Fyllet kan også frysast uten at rispapira er fylte.
PS! Innlegget er oppdatert. Frøken Stuhaug har surra litt og det er VÅRRULL-PAPIR/ARK og ikkje RISPAPIR som blir brukt i varme vårruller. Eg har rett og slett berre alltid kalla det for rispapir, uten at eg heilt skjønner kvifor. Eg har retta opp i feilen og beklager om nokon har prøvd oppskrifta uten suksess med rispapir♥
Vårrullane kan du servere akkurat som du ønsker! Vi pleier å servere vårrullane med en frisk salat (som ikkje blei med på bildet) og heimelaga sweet chili saus.
Oppskrift på heimelaga, sukkerfri sweet chili saus finner du HER 🙂
Så, håper du er frista til å lage heimelaga vårruller ein dag♥ Det er kanskje ikkje typisk sommarmat, men akkurat no har eg inntrykk av at det er meldt overskya/regn mange plasser i Norge – og då er det perfekt å bruke litt ekstra tid på middagen! Ellers står oppskrifta her, den forsvinner ingen plass uansett årstid 🙂
Annonse
16 Kommentarer
Anne-Lise
21. juli 2020

Linda Stuhaug
22. juli 2020
Roger Larsen
7. juli 2020

Linda Stuhaug
8. juli 2020
Heidi
7. juli 2020

Linda Stuhaug
8. juli 2020
Ida
7. juli 2020

Linda Stuhaug
8. juli 2020
Anne-Liv
12. mai 2021

Linda Stuhaug
13. mai 2021
Maria
12. august 2021

Linda Stuhaug
12. august 2021
Mairin Mæland
1. februar 2024

Linda Stuhaug
2. februar 2024
Tore
21. februar 2024

Linda Stuhaug
22. februar 2024
SKRIV EN KOMMENTAR