Annonse
5. mars 2019
Knekkebrød med havre, mandler og linfrø
Heimelaga knekkebrød altså… det er så godt! Knasande sprø, smakfulle knekkebrød med digg pålegg – nydelig til både frukost, lunsj og kveldsmat♥
Eg har ein del oppskrifter på ulike varianter her på bloggen, og oppskriftene blir alltid tatt godt imot. Idag har eg en ny variant å dele; med havre, mandler og linfrø. Skikkelig gode blei dei, og virkelig ei oppskrift som måtte få sjå bloggens lys 🙂
Aller best synes eg heimelaga knekkebrød er med eit dryss av flaksalt på – det gir på en måte det lille ekstra. Dette kan du sjølvsagt sløyfe for nøytrale knekkebrød, eventuelt kan du lage eit brett av kvar.
Knekkebrød med havre, linfrø og mandler, 2 brett
200 g havregryn (ca. 4 dl)
200 g havremjøl (ca. 4 dl)
150 g hakka mandler (ca. 1,5 dl)
70 g linfrø (ca. 0,7 dl)
1 ts salt
1 ss fibersirup gold eller honning (kan sløyfast)
6 dl vatn
evt. flaksalt til topping
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 150 grader varmluft. Bland saman ingrediensene i en bolle og la røra svelle i minst 10 minutt.
2. Kle to langpanner med bakepapir, fordel røra på to og smør jamnt og tynt utover med en slikkepott (tips: skyll slikkepotten underveis i varmt vatn, då blir det enklere å smøre). Strø eventuelt over flaksalt og trykk lett ned i knekkebrøda.
3. Sett inn i ovnen, eit brett oppe og eit brett nede. Etter 10-15 minutter tar du bretta ut av ovnen og skjærer passelige størrelser med en pizzaskjærer.
4. Sett tilbake i ovnen på samme måte. La knekkebrøda no steike 20-30 minutter, eller til dei begynner å bli godt gylne og sprø (kan hende dei treng å stå enda lengre). La bretta bytte plass underveis.
Tips 1, for å sikre deg sprø knekkebrød: når knekkebrøda i utgansgpunktet er ferdige – slå av ovnen, lat opp døra og slipp ut litt varme (5-10 sekunder). La deretter knekkebrøda stå i ettervarmen i minst 1 time, gjerne natta over. Dette trikset skuffer aldri for å få sprø og supergode knekkebrød!
Tips 2, pass på at mandelbitane ikkje er for store: då vil dei laga hol i knekkebrøda og den blir vanskelig å smøre utover. Hakk mandlane midt imellom finhakka og grovhakka. Eg pleier å kjøre dei kjapt i foodprosessoren.
Tips 3, lag havremjøl sjølv: kjør havregryn i en blendar eller foodprosessor, og vips – så har du havremjøl. Bruk glutenfri havregryn og havremjøl for 100% glutenfri knekkebrød.
Etter knekkebrøda er avkjølt brekker du dei opp og oppbevarer i en knekkebrødboks/kakeboks. Dei står seg i månedsvis.
Nyt deretter knekkebrøda som dei er, eller med valgfritt pålegg♥ Mitt favorittpålegg på heimelaga knekkebrød med maldonsalt er faktisk noko så enkelt som kremost & ost, eventuelt kremost, skinke & ost. Toppa med agurkskiver… nam!
Kva liker du best som pålegg på heimelaga knekkebrød?
Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskrifter de prøver ut, enten det er her på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida mi HER. Tag gjerne #lindastuhaug når du deler oppskrifter på instagram også, så finner eg dei igjen 🙂
Annonse
10 Kommentarer
Heidi-Merethe
9. mars 2019

Linda Stuhaug
10. mars 2019
Dyshi
6. mars 2019

Linda Stuhaug
7. mars 2019
fruensvilje
5. mars 2019

Linda Stuhaug
6. mars 2019
Sylvia
23. mars 2023

Linda Stuhaug
26. mars 2023
Tine
22. mars 2023

Linda Stuhaug
26. mars 2023
SKRIV EN KOMMENTAR