Annonse
14. september 2018
Korleis klare å legge fra seg kaloritellinga?
… er eit spørsmål som eg har fått veldig ofte opp gjennom åra. Etter eg delte innlegget «Det er heilt forbanna uaktuelt» HER– så er det veldig mange som har sendt meg personlige meldinger og mail angåande dette. Korleis klarte du å legge fra deg kaloritellinga? Kva er dine beste tips for å komme seg ut av denne onde sirkelen?
Det er veldig tydelig at det er mange som har havna i fella med kaloritelling – uten at ein ønsker det. Merk at det er en stor forskjell på å faktisk ville ha kontroll over kalorier, enn at kaloriene har kontroll over deg.
Å ha personelige erfaringer med dette tenker eg egentlig både er positivt og negativt. Slik er det med det meste innen kosthold, trening, helse og livsstil. Det er rett og slett fordi vi alle er så innimari forskjellige. Ingen av oss er like. Ingen har den samme bakgrunnen, den samme historia, det samme løpet, den samme diagnosen, dei samme symptoma, den samme måten å reagere på. Det einaste som er likt med dei personane som eg retter dette innlegget mot, er at ein har overlatt kontrollen til eit moment utanfrå som ein virkelig ønsker å få tilbake sjølv, men likevell ikkje heilt klarer å få til. For det er vanskelig. Og det er ikkje gjort over natta.
Foto: Jon Marius Nilsson
Nokon av spørsmåla eg stilte meg var;
– Blir eg lykkelig av å telle kalorier?
For eg vil jo vere lykkelig. Eg vil ha det bra med kropp og sinn. Eg vil vere glad, ha overskudd, energi og kjenne at lykken faktisk er ekte og reell.
– Får eg matglede av å telle kalorier?
For matglede er jo en stor del av meg. Eg har alltid vore matglad, og vil alltid vere det innerst inne.
– Er kaloritelling noko eg kan holde på med for resten av livet?
For eg vil jo finne en sunn og balansert livsstil som eg kan leve med. Det var jo det som var målet mitt når eg la om livsstilen min. Kortvarige løsninger fungerer ikkje i lengden, det har eg jo erfart.
– Blir dei rundt meg glade av at eg teller kalorier?
For eg vil jo ikkje vere til bry. Eg vil jo ikkje komme i middagsselskap med egen matboks. Eg har jo alltid elska å få maten servert av andre.
– Er kaloritelling nøkkelen til suksess?
For i mitt tilfelle er jo suksess å ha klart å legge om livsstilen min, lykkast med det, og klare å holde på det. Ikkje la det gå andre vegen.
Når eg las gjennom spørsmåla ein gang til, så var det korte svaret på alle spørsmåla NEI. Eg blir ikkje lykkelig, eg får ikkje matglede, å finrekne kalorier fungerer ikkje som en livslang livvstil, det går ut over dei rundt meg, det er absolutt ingen vei til suksess for min del.
Eg tenkte gjennom desse spørsmåla fleire ganger, skreiv ned nokre tanker, og tok fram igjen notatane mine når det blei vanskelig. Kanskje det er verdt å tenke gjennom spørsmåla for deg også? Reflektere og gå litt inn i deg sjølv? Eg seier ikkje at dette er fasiten på å klare å legge fra seg kaloritellinga, men det kan vere ein hjelpar på vegen.
Foto: Jon Marius Nilsson
Ta små steg av gangen og tving deg sjølv ut av komfortsona. La middagen bli servert, reis ut å et eit måltid på restaurant, legg vekk kjøkkenvekta, kjøp nye matvarer du ikkje har prøvd før. For min del var det ein sammensetning av veldig mange ulike faktorer som hjalp meg ut av den onde sirkelen, og overnevnte er kun ein av dei. Slik vil det vere for deg også. Det kan ta kort tid, det kan ta lang tid. Det kan vere enkelt, det kan vere vanskelig. Det kan gå bedre enn du forventa, det kan gå verre enn du forventa.
Til sjuande og sist er du sjef over di helse, din livsstil, ditt liv – hugs det. Du kjem ingen vei uten at du spiller på lag med deg sjølv♥
Annonse
12 Kommentarer
Julie Henriksen
16. september 2018

Linda Stuhaug
18. september 2018
Birgitte
15. september 2018

Linda Stuhaug
18. september 2018
Elisabeth
15. september 2018

Linda Stuhaug
18. september 2018
Marie
14. september 2018

Linda Stuhaug
15. september 2018
Amanda
14. september 2018

Linda Stuhaug
15. september 2018
Kristin
14. september 2018

Linda Stuhaug
15. september 2018
SKRIV EN KOMMENTAR