Annonse
22. juli 2024
Middagspannekaker "fleskepannekaker" - grovare og meir næringsike!
Grovare og litt ekstra næringsrike middagspannekaker som er saftige og absolutt like gode som «originalen»😍
Her har eg laga dei med bacon i, så klassiske fleskepannekaker, men du kan såklart ha bacon ved siden av og. Servert med med nyplukka, rørte blåbær som er eit must til denne kombinasjonen her. Eg plukka blåbær i forrige veke og nettopp derfor måtte eg berre lage dette til middag! Skikkelig digg, og en middag som passer like godt om du har ferie eller ei☀️
Til ca 12 store pannekaker:
• 5-6 egg (eg brukte 4 egg og 4 eggekviter her, fordi eg hadde litt ekstra eggekviter i kjøleskapet)
• 5 dl heilmelk
• 1/2 ts salt
• 2 dl sikta speltmjøl (du kan og bruke kveitemjøl)
• 2 dl havremjøl
Slik gjer du:
Visp sammen alle ingrediensane og la røra svelle i minst 15 minutt. Du kan fint lage røra mange timer i forveien. I mellomtida kan du steike bacon til det er sprøtt (eg brukte 250 g, passa perfekt til pannekakerøra!)
Ha litt bacon i steikepanna og hell over røre. Steik gylne pannekaker på begge sider og server med rørte blåbær/blåbærsyltetøy🫐 Eg synes og det er veldig godt med cottage cheese på!
(Og ei «dessertpannekake» til slutt med smør og sukker på😋)
Lag desse du også!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR