Annonse
24. august 2023
Næringsrike middagspannekaker
Korleis gjere middagpannekakene ekstra næringsrike uten at det merkes på smaken?😁 Det er ikkje noke hokus pokus, men med desse to triksa så merkes det virkelig ikkje på smaken (!), og pannekakene ser heilt ut som om du hadde laga dei på «klassisk» vis:
- Eg bruker eit par ekstra egg i røra
- Eg bytter ut halvparten av det sikta mjølet med havremjøl. Viktig at det er havremjøl og Ikkje havregryn visst du vil «skjule» grovheten😁
Pannekaker med blåbær og bacon er en middag som virkelig gir meg mange barndomsminner, men noke vi svært sjelden har til middag i voksen alder. Rett og slett fordi eg Ikkje ser heilt på pannekaker som middag. Men denne oppskrifta blir pannekakene mektige og gir litt ekstra tilbake til kroppen, så då tenke eg at det er en god middag innimellom!
Så, her er oppskrifta eg bruker:
5-6 egg
5 dl melk
1/2 ts salt
2 dl sikta speltmjøl (du kan og bruke kveitemjøl)
2 dl havremjøl
Slik gjer du:
Visper sammen alle ingrediensane og lar røra svelle i minst 30 minutt. Lager den gjerne på morningen og lar den stå i kjøleskapet til middagstid. Justerer med litt ekstra melk/mjøl om behov. Steiker så gylne pannekaker i steikepanna og serverer med heimelaga blåbærsyltetøy, bacon & cottage cheese.
Fleire som vekker mange barndomsminner med pannekakemiddag?😍 Prøv denne oppskrifta en dag! Perfekt med sesongens norske blåbær!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR