Linda Stuhaug

Annonse

Nydelig, sukkerfri rabarbra- og jordbær smuldrepai

Nydelig, sukkerfri rabarbra- og jordbær smuldrepai
Dette her meiner eg faktisk utvilsomt er verdens beste pai! Kvart einaste år sida eg lagde den første gangen i 2017 er det er spørsmål om kortid den gode smuldrepaiea med rabarbra og jordbær kjem på bordet. Kombinasjonen av nettopp rabarbra, norske jordbær og crunchy smuldretopping er heilt nydelig!
No er endelig dei norske jordbæra komt i butikk, og rabarbra er jo fortsatt i sesong - så då er det midt i blinken å dele denne oppskrifta igjen. Bildet er henta fra kokeboka mi Sunnare søtsaker, for denne paien fekk såklart sin hedersplass der♥︎
Ingrediensar, 1 paiform: 500 g rabarbra 500 g jordbær (helst norske!) 2 ss potetmjøl 50 g Sukrin gold 30 g Sukrin+ eller Finesse
Smuldretopping 100 g smør, romtemperert 100 g mandlar, grovhakka (eller andre nøtter) 50 g Sukrin gold 25 g Sukrin+ eller Finesse 50 g havremjøl eller anna valfritt mjøl 50 g havregryn Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 175 grader (over- og undervarme). Vask og skjer rabarbraen i jamnstore bitar, cirka 2 cm. Reins jordbær og del i to. Ha alt over i ein bolle og vend saman med potetmjøl, Sukrin gold og Sukrin+ eller Finesse. 2. Fordel rabarbra- og jordbærblandinga i ei vanleg paiform (28 cm i diameter). Du kan òg bruke ei anna eldfast form. 3. Bland saman det tørre til smuldrelokket og kna inn romtemperert smør med hendene. Det skal bli ein klistrete, smuldrete masse. Fordel rabarbra- og jordbær blandinga over. 4. Steik smuldrepaien på nedste rille i cirka 35–40 minutt, til smuldrelokket har blitt godt gyllent. Legg eventuelt over eit bakepapir undervegs i steikinga om smuldrelokket begynner å bli mørkt. Avkjøl i minst 30 minutt før servering.
Server gjerne med en klatt vaniljeis, det er heilt nydelig! Ellers håper eg virkelig at fleire vil prøve denne oppskrifta, for den er SÅ god♥︎

Dette her meiner eg faktisk utvilsomt er verdens beste pai! Kvart einaste år sida eg lagde den første gangen i 2017 er det er spørsmål om kortid den gode smuldrepaiea med rabarbra og jordbær kjem på bordet. Kombinasjonen av nettopp rabarbra, norske jordbær og crunchy smuldretopping er heilt nydelig!

No er endelig dei norske jordbæra komt i butikk, og rabarbra er jo fortsatt i sesong - så då er det midt i blinken å dele denne oppskrifta igjen. Bildet er henta fra kokeboka mi Sunnare søtsaker, for denne paien fekk såklart sin hedersplass der♥︎

Ingrediensar, 1 paiform:
500 g rabarbra
500 g jordbær (helst norske!)
2 ss potetmjøl
50 g Sukrin gold
30 g Sukrin+ eller Finesse


Smuldretopping

100 g smør, romtemperert
100 g mandlar, grovhakka (eller andre nøtter)
50 g Sukrin gold
25 g Sukrin+ eller Finesse
50 g havremjøl eller anna valfritt mjøl
50 g havregryn

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 175 grader (over- og undervarme). Vask og skjer rabarbraen i jamnstore bitar, cirka 2 cm. Reins jordbær og del i to. Ha alt over i ein bolle og vend saman med potetmjøl, Sukrin gold og Sukrin+ eller Finesse.

2. Fordel rabarbra- og jordbærblandinga i ei vanleg paiform (28 cm i diameter). Du kan òg bruke ei anna eldfast form.

3. Bland saman det tørre til smuldrelokket og kna inn romtemperert smør med hendene. Det skal bli ein klistrete, smuldrete masse. Fordel rabarbra- og jordbær blandinga over.

4. Steik smuldrepaien på nedste rille i cirka 35–40 minutt, til smuldrelokket har blitt godt gyllent. Legg eventuelt over eit bakepapir undervegs i steikinga om smuldrelokket begynner å bli mørkt. Avkjøl i minst 30 minutt før servering.

Server gjerne med en klatt vaniljeis, det er heilt nydelig! Ellers håper eg virkelig at fleire vil prøve denne oppskrifta, for den er SÅ god♥︎

Annonse

2 Kommentarer

S

Sissel

8. juli 2023

Skal prøvast i dag. Litt uklart kva som skal vera på toppen. Reknar med det er nøtteplandingen?

L

Linda Stuhaug

11. juli 2023

Det er smuldretoppingen ja😊

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg

LindaStuhaug AS er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre. Du kan se hvilken data vi får behandle i dine