Annonse
26. april 2023
Nydelige pizzavafler - med to ulike typer fyll!
Hallo du nydelige PIZZAVAFLER!
Altså, desse er så gode! Ikkje minst er dei virkelig enkle å lage, du kan variere fyllet etter kva du ønsker og dei smaker like godt kalde som varme. Egner seg derfor perfekt til matpakken eller som turmat - desse står seg fleire dager i kjøleskapet.
Oppskrifta har fult meg ei stund, men no har eg justert dei litt og laga dei 100% grove med kun havremel (bruk glutenfritt ved behov). Enda meir næringsrike, men like gode! I tillegg har eg denne gangen laga dei med to ulike fyll;
→ Ost, skinke og vårløk
→ Ost, fetaost og vårløk
Vaffelrøre (gir 10-12 plater):
• 3,5 dl melk
• 100 g (2 toppa ss) rømme/kesam
• 3 egg
• 50 g smelta smør
• 1 ts bakepulver
• 1/2 ts salt
• 250 g havremel
Forslag til fyll for heile røra:
• 200-300 g raspa ost
• 350 g skinke ELLER 1 glass/blokk fetaost
• 1 bunt vårløk
Slik gjer du:
1. Lag røra. Rør sammen det våte før du visper inn det tørre. La røra svelle i minst 10 minutter, og klargjer fyller i mellomtida. Bruk litt ekstra væske om røra er veldig tjukk.
2. Rasp/kutt ost, skinke, vårløk. Bruker du fetaost i blokk kan du smuldre den i ei skål. Anbefaler også å smuldre opp terningane, ellers sette det seg fort fast i jernet.
3. Hell røra på vaffeljernet (hugs å smøre om du må det!), og topp generøst med raspa ost først, deretter skinke/fetaost og til slutt vårløken. Press vaffeljernet ned i starten og steik til vaflane er gylne. Legg over på ei rist.
Så er det berre å nyte pizzavaflane akkurat som dei er, noko ekstra pålegg eller fyll er Ikkje nødvendig. Ha gjerne litt grønnsaker som tilbehør!
Annonse
22 Kommentarer
Astrid
9. september 2024

Linda Stuhaug
10. september 2024
Sandra Kristensen
15. januar 2025

Linda Stuhaug
16. januar 2025
Melisa
19. november 2024

Linda Stuhaug
21. november 2024
Anne Lyslo
17. september 2024

Linda Stuhaug
18. september 2024
Tone
5. mai 2023

Linda Stuhaug
6. mai 2023
Annika
7. mai 2023

Linda Stuhaug
8. mai 2023
Stine
27. april 2023

Linda Stuhaug
28. april 2023
Tasha
2. september 2023

Linda Stuhaug
3. september 2023
Maria Geelmuyden
24. august 2023

Linda Stuhaug
24. august 2023
Jente 13
9. september 2024

Linda Stuhaug
10. september 2024
Hege
17. april 2025

Linda Stuhaug
18. april 2025
SKRIV EN KOMMENTAR