Annonse
Poke bowl – fargerik pokébolle med salmalaks!
God torsdag!
Forrige fredag når eg skulle handle til helg, så fant eg salmalaks i datodisken. Det var ein solfylt, fin fredag og eg fekk akutt lyst på poke bowl til middag. Pokébolle som det heite på godt norsk er ein forenkla variant av sushi der du har alle ingrediensane i ein bolle. Det er skikkelig godt, veldig lettvint og du kan variere ingrediensane etter akkurat det du liker!
Eg vil påstå at salmalaks, ris og soyasaus er dei tre hovedingrediensane her, og utover det er det berre å supplere med ulike typer frukter og grønnsaker. Du kan og variere soyasausen med forskjellige typer sauser og dressinger, men eg gjor det rett og slett enkelt med rein soyasaus 🙂
Her er ingrediensane eg brukte i min pokébolle:
→ Salmalaks
→ Ris kokt etter anvisning på pakken, deretter avkjølt
→ Edamamebønner
→ Moden mango
→ Baby leaf mix
→ Sylta rødløk – oppskrift her
→ Avokado
→ Agurk
→ Rista sesamfrø og soyasaus som topping
Det einaste eg kjøpte til denne middagen var salmalaksen. Resten av ingrediensane hadde eg i kjøleskap/fryser/kjøkkenskap fra før 🙂
Salmalaksen var på ca. 300 gram, og det var perfekt mengde for meg og sambuaren 🙂
Eg vil og berre vise denne mangoen her, som eg fekk ENORMT mange tilbakemeldinger på…
«Koffor kjøper du dårlig mat?»
«Denne mangoen er jo ikkje bra å ete. Sikker muggen!»
«Du sparer verken penger eller miljøet visst du kjøper mat som du likevell må kaste»
En ting er sikkert, folk har fortsatt vanvittig mykje å lære når det kjem til det med å kaste mat… Denne mangoen her var heilt perfekt! Skallet utapå var skrukkete og flekkete, men eg kjente på mangoen før eg kjøpte den – og den hadde fortsatt ein fin konsistens.
Eg skar kun vekk det heeeilt ytterste skallet, og mangoen var uke fin inni! Vær så snill å gi maten en sjanse før den går i boss – dette gjelder alt av mat. Sjå-lukte-smake♥
PS! Hadde derimot mangoen vert brun/alt for overmoden eller lignande, så hadde eg skjært den opp i biter og fryst den til å bruke i smoothie seinare 🙂
Det blei en liten avsporing her, men eg kan ikkje få sagt dette nok. Med det håper eg at denne pokébollen kan friste, eg synes vertfall det var skikkelig godt, og dette er noko som passer like god kvardag som helg 😀
Annonse
10 Kommentarer
Ingvild
25. mai 2021
Linda Stuhaug
26. mai 2021
Kari Kvåle Faleide
9. mai 2021
Linda Stuhaug
9. mai 2021
Mona
9. mai 2021
Linda Stuhaug
9. mai 2021
Jan
6. mai 2021
Linda Stuhaug
7. mai 2021
turid
21. mars 2023
Linda Stuhaug
21. mars 2023
SKRIV EN KOMMENTAR