Annonse
4. november 2020
Proteinrike havrerundstykker med innbakt ost & skinke
God onsdag!
Idag har eg eit skikkelig godt og heilt genialt lunsj-, matpakke-, og turmattips til dåkke:
Proteinrike havrerundstykke med innbakt ost & skinke! Og desse liker eg så godt av fleire grunner:
♦ Dei er mektige, sunne og næringsrike
♦ Det er en slags alt-i-ett rundstykke, sidan pålegget er innbakt i oppskrifta
♦ Rundstykka står seg godt og er like saftige og gode etter 3 dager – enten i kjøleskapet eller i sekken på tur
♦ Dei er raske og enkle å lage
Dei som har fulgt meg ei stund har sett desse før, faktisk i fleire varianter. Grunnoppskrifta er den klassiske oppskrifta på proteinrike havrerundstykker med cottage cheese og havre som eg har delt oppskrift på mange ganger før. Forskjellen her er at eg har knadd inn biter av ost, skinke og ekstra krydder for god smak 🙂 Samme oppskrift har eg også delt i dette innlegget i 2018, då eg hadde laga desse som turmat til 7-dagers langtur i fjellheimen. Desse rundstykka har faktisk vore meg meg på langtur i 5 år no! Det har blitt fast turmat, nettopp fordi dei er så smarte å ha med på ein sånn tur, både med tanke på næringsinnhold, men også med tanke på at dei kan etast akkurat som dei er.
Rundstykka passer og fint å ha med i den klassiske matpakken, som frukost på farten eller som turmat på dagstur. Eg har laga desse fleire ganger som matmuffins også, men synes det er like greit å berre forme rundstykker med hendene 🙂
Over til oppskrifta:
Du trenger, ca. 14 stk (rundstykker som på bildene):
400 g cottage cheese (1 stort beger)
4 store egg
250 g havremjøl
100 g havregryn
2 ts bakepulver
1 ts salt
1-2 ts tørka oregano eller pizzakrydder
1 ts paprikakryder
litt grovkverna chili og kvitløk (eller andre krydder du liker)
–
250-300 g skinke i biter
150 g raspa ost
evt. litt purreløk, vårløk, raspa gulrot eller andre grønnsaker
Slik gjer du:
1. Ha cottage cheese og egg i en bolle. Kjør blandinga heilt glatt med ein stavmiksar.
2. Visp inn bakepulver og krydder, før du tilsetter havremjøl og havregryn. Bland godt.
2. Kna inn ost og skinke. La blandinga svelle i ca. 10-15 minutt.
3. Form til rundstykker med litt fuktige hender. Strø gjerne over valmuefrø på toppen.
5. Steik på 180 grader, over-undervarme i 20-25 minutt, eller til rundstykka er gylne og gjennomstekt. Avkjøl på rist.
Etter dei er avkjølte oppbevarer du rundstykka i kjøleskapet, eller du kan fryse dei ned. Det går heilt fint å ha dei med i sekken på skulen, på jobb eller på tur også 🙂
Så kan du sjølvsagt variere oppskrifta litt etter smak og behag. Bytte ut litt skinke med bacon eller spekeskinke, bruke en ost med ekstra god smak, ulike krydder, grønnsaker… 🙂
Lurer du på kva du skal lage med deg som turmat, så har du vertfall svaret her til neste gang! Desse er virkelig gode og geniale å ha med på tur altså. Håper fleire vil prøve!
Annonse
25 Kommentarer
Cecilie
2. februar 2021
Linda Stuhaug
2. februar 2021
Kjersti
2. november 2021
Linda Stuhaug
2. november 2021
Gerita
18. juni 2021
Linda Stuhaug
18. juni 2021
Brita
24. september 2022
Linda Stuhaug
25. september 2022
Jorunn
5. juni 2023
Linda Stuhaug
7. juni 2023
Trude
19. februar 2022
Linda Stuhaug
20. februar 2022
Hege
9. november 2020
Linda Stuhaug
9. november 2020
Mira
8. november 2020
Susanne
19. februar 2021
Linda Stuhaug
9. november 2020
Hilde
8. november 2020
Linda Stuhaug
9. november 2020
Linda
7. november 2020
Linda Stuhaug
7. november 2020
Malene
5. november 2020
Linda Stuhaug
6. november 2020
Nedzada Fjærestad
4. november 2020
Linda Stuhaug
5. november 2020
SKRIV EN KOMMENTAR