
Har du lyst å bake sukkerfrie, sprø og kjempegode pepperkaker i år? Då har eg oppskrifta til deg! Det er ingen ny oppskrift, for eg har delt den før – første gang i 2014. Eg har dog ikkje laga desse pepperkakene på 5 år, og fant ut at eg måtte kvalitetssikre oppskrifta i år, og har med det tatt både steg-for-steg bilder og nye hovedbilder 🙂 Og då er det klart at pepperkakene fortjener ein ny bloggpost! Sukkerfrie, og kan lagast både melkefrie og glutenfrie: