Eltefritt, enkelt og billig grovbrød

Skal eg fortelle dåkke noke vilt? Visst du kjøper 2 kg sikta kveitemjøl, 1 kg sammalt kveitemjøl og 1 kg havregryn, så har du nok ingredienser til å bake 8 heimelaga grovbrød til samme pris som du kjøper 1-2 grovbrød på butikken! Det er altså heilt vilt mykje penger å spare på å lage heimelaga brød - spesielt visst det går ein del brød i heimen. I tillegg slipper du unna unødvendige tilsetningsstoffer og kan styre ingrediensane heilt sjølv. Vinn vinn spørr du meg vertfall😊 Og når du baker med den eltefrie bakemetoden trenger du Ikkje mange ingredienser, fancy utstyr eller masse planlegging - sett deiga på morningen og steik brøda på kvelden - eller omvendt😊 Desse eltefrie grovbrøda her er berre eit av mange eksempel på heimelaga grovbrød, men dei er vertfall veldig enkle og gir saftige, gode brød❤️ PS! Denne oppskrifta er uten frø og kjerner, men tilsett det gjerne om du ønsker det. Då justerer du litt ned på f. eks havregryn✨ Du kan fint bytte litt om på mjøltyper, f. eks bruke spelt istedenfor kveitemjøl, rugmel istedenfor sammalt mjøl osv... Skal deiga stå lengre enn 10-12 timer, bruk iskaldt vatn og/eller reduser mengden gjær, alt etter kor mange timer det er snakk om!